Hopp til innhald

Fagstoff

Priskalkyle i frisørfaget

Kor mykje skal kunden betale? For å kunne drive frisørsalongen lønnsamt er det viktig at du blir god til å kalkulere pris. Prisen må dekke direkte og indirekte kostnader. Direkte kostnader kan vere stylingprodukt, og indirekte kostnader er mellom anna lønn til tilsette, husleige og straum.
Kvinne får krølla håret hos ein frisør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenesteytande bedrift

Ei tenesteytande bedrift sel tenester. Som frisør kan du jobbe i ein stor eller liten salong, du kan vere tilsett i salongen, eller du kan drive han sjølv. Salongen må komme fram til ein pris som dekker alle utgifter og gir lønn for handverket. I dette dømet skal vi bruke ein såkalla sjølvkostkalkyle i ein frisørsalong med fem frisørar som er tilsette på heiltid.

Direkte kostnader

Direkte kostnader i ein frisørsalong er alle produkta som blir brukte på kunden. Til dømes sjampo, balsam, kur, stylingprodukt, hanskar, farge og andre kjemikal. Det kan òg vere blomar, hårnåler, strikkar eller annan hårpynt.

Indirekte kostnader

Indirekte kostnader er alle faste utgifter salongen har, som blir betalte for kvar månad eller kvart år. Husleige, straum, telefon og internett er døme på indirekte kostnader. Lønn til dei tilsette er ei stor fast utgift.

Utrekning av timepris ut til kunde

Utnyttingsgrad – salbare timar

Først må vi rekne ut kor mange salbare timar frisørane i salongen har i året. Ein frisør jobbar 7,5 timar per dag, men kan ikkje bruke all tida på kundane. Ei vanleg utnyttingsgrad er på 80 %. Utnyttingsgrad er kor stor del av arbeidstida ein bruker på å utføre tenesta, og som ein kan ta betalt for, i løpet av ein dag. Resten av tida blir mellom anna brukt på rydding, vareplassering og på å svare på telefonar. Talet på salbare timar per dag (t/d) kan reknast ut slik:

7,5 t/d · 80100 = 6,0 t/d

Salbare timar per år for salongen

Ved heiltidsarbeid blir eit årsverk rekna som 230 arbeidsdagar per år (d/år). For eitt årsverk kan talet på timar salongen sel per år (t/år), reknast ut slik:

6 t/d · 230 d/år = 1 380 t/år

Sidan frisørsalongen har fem frisørar, vil salongen då ha det følgande talet på salbare timar per år (t/år):

5 · 1 380 t/år = 6 900 t/år

Lønn og arbeidsgivaravgift

Med ei årslønn på 410 000 kroner per frisør blir lønnsutgiftene slik:

5 · 410 000 kr = 2 050 000 kr

Arbeidsgivaravgifta, som er ei avgift til staten og kjem i tillegg til sjølve lønnsutbetalingane, varierer frå stad til stad. I dei mest sentrale stroka av landet er han på 14,1 %.

2 050 000 kr · 14,1100 = 289 050 kr

Indirekte kostnader – berekning av sum

indirekte kostnader

Kostnader per år

Kroner

Husleige inkl. telefon og internett

kr 300 000

Forsikring

kr 30 000

Rekneskapsførar

kr 50 000

Avgift for musikk (Gramo/Tono)

kr 3 500

Straum

kr 25 000

Kurs og fagleg oppdatering

kr 30 000

Magasin

kr 1 900

Kaffiavtale

kr 4 500

Lønn

kr 2 050 000

Arbeidsgivaravgift

kr 289 050

Kostnader

kr 2 783 950

Kostpris

Kostpris er det timeprisen må vere for å dekke alle utgiftene. Då går ikkje salongen med overskot, men taper heller ikkje pengar. Vi finn kostpris ved å ta kostnader per år og dele på salbare timar:

 2 783 950 kr6 900 t = 403,50 kr/t

Timepris

Salongen ønsker ei forteneste på 30 %. Vi legg på forteneste:

403,50 kr/t · 1,30 = 524,55 kr/t

Timepris til kunden blir då 524,55 kroner per time utan meirverdiavgift.

Spørsmål: Kvar kjem talet 1,30 frå i utrekninga over? Vis korleis du reknar det ut.

Forklaring

Talet 1,30 er vekstfaktoren ved ein prosentvis auke på 30 prosent.

1 + 30100 = 1 + 0,3 = 1,3

Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten og er på 25 %.
Denne avgifta legg vi til timeprisen, som då blir slik:

524,55 kr/t · 1,25 = 655,69 kr/t

Vi rundar av timeprisen til 656 kroner per time.

Døme på utrekning av pris på frisyre til forlovar

Du har brukt 1,5 timar på kunden, inkludert planlegging. Du har valt å bruke blomar i frisyren. Vi bruker påslagsmetoden til å rekne ut prisane på dei ulike produkta som er brukte.

døme på utrekning

Beskriving

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslags-tal

Utsalspris per stk.
inkl. mva.

Total utsalspris inkl. mva.

Sjampo og stylingprodukt

1

kr 20

4

kr 80

kr 80

Blomar

1

kr 120

2

kr 240

kr 240

Arbeidspengar

1,5

kr 656

kr 984

Sluttsum produkt

kr 1 304

Prisen på frisyren til forlovaren blir 1 304 kroner.

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med utrekningane.

Filer

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod