Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekn ut pris på ei teneste i frisørsalongen

Lag ein frisyre, eller vel ut ei anna teneste du har utført i frisørfaget tidlegare, og rekn ut prisen. Bruk omgrepa direkte og indirekte kostnader, meirverdiavgift og forteneste når du kalkulerer.
Brud med oppsett hår. Foto.

Indirekte kostnader

Du arbeider i ein frisørsalong som har tre frisørar totalt. Kvar frisør har 1 380 salbare timar i året. Kvar frisør skal ha ei årslønn på minimum 385 000 kroner. Arbeidsgivaravgifta der frisørsalongen held til, er på 10,6 %. Salongen bereknar ei forteneste på 35 %.

Salongen betaler ei husleige inkludert telefon og internett på 175 000 kroner i året, og straum på 30 000. I tillegg kjem forsikring på 35 000, og rekneskapsføraren skal ha 45 000 kroner i året.

Salongen tilbyr kundane sine kaffi og magasin, og betaler avgift på musikk. Totalt kostar dette 8 000 kroner i året.

Det er sett av 25 000 kroner til kurs og fagleg oppdatering.

Oppgåve

  1. Bruk tala ovanfor og rekn ut timeprisen kunden skal betale. Ta omsyn til alle indirekte kostnader, som er alle dei faste utgiftene salongen betaler kvar månad eller i året. Timeprisen må også dekke lønn, arbeidsgivaravgift, forteneste og meirverdiavgift.

  2. Rekn ut kostnadene på alle produkta du har brukt på frisyren/tenesta. Dette er direkte kostnader, til dømes stylingprodukt, kjemikal eller friske blomstrar i håret til ei brud. Berekn kor mykje tid du bruker på kunden. Set opp ein priskalkyle for frisyren eller tenesta du har utført, i eit rekneark.

Løysing oppgåve 1

Indirekte kostnader

Løysing oppgåve 1

Kostnader per år

Kroner

Husleige inkludert telefon og internett

175 000

Forsikring

35 000

Rekneskapsførar

45 000

Kaffi, magasin og musikk

8 000

Straum

30 000

Kurs og fagleg oppdatering

25 000

Lønn (tre frisørar)

1 155 000

Arbeidsgivaravgift

122 430

Kostnader

1 595 430

Kostpris

1 595 430 kr4 140 t=385,37 kr/t

Timepris utan mva. inkludert forteneste

385,37 kr/t·1,35=520,25 kr/t

Timepris inkludert meirverdiavgift

520,25 kr/t·1,25=650,31 kr/t

Vi rundar av timeprisen kunden skal betale, til 650 kroner.

Døme på løysing oppgåve 2
løysing oppgåve 2

Beskriving

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslagstal

Utsalspris per stk.
inkl. mva.

Total utsalspris inkl. mva.

Stylingprodukt

1

kr 20

4

kr 80

kr 80

Diadem med perler

1

kr 200

4

kr 800

kr 800

Makeup lagd i salongen

1

kr 75

4

kr 300

kr 300

Leppestift

1

kr 40

4

kr 160

kr 160

Pudder

1

kr 50

4

kr 200

kr 200

Arbeidspengar

2

kr 650

kr 1 300

Sluttsum produkt

kr 2 840

Du kan laste ned løysinga som rekneark nedanfor.

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod