Læringsoppdrag - kople PLS
- Styreskap med tilhøyrande komponentar.
- Først start og stopp av motor ved hjelp av vendar, deretter start/stopp med haldekontakt og indikasjonar med lampar.
Du skal i tillegg utføre målingar i sluttkontrollen.
Anleggsdokumentasjon:
Hovudstraumskjema og styrestraumskjema for dreieretningsvendar. Tilordningsliste og ladderdiagram for PLS-en. Rekkjeklemmetabellar for anlegget.
Materialliste:
Du skal komplettere og sluttføre materiallista, slik at alle oppkoplingane er med.
Fagmessig utføring:
Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Viktige moment her er å skru godt til i alle koplingar, å sjekke at koplingar er varige og solide og å sjekke plasseringa av komponentar og utføringa av gjennomføringar og tilkoplingar. Sjå instruksjonsvideoar.
Idriftsetjing:
Å setje i drift er å sjå til at installasjonane oppfyller gjeldande forskrifter og normer. Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og den som arbeider med han.
Før ein kan starte arbeidet med å produsere teikningar, kople opp og programmere, er det viktig å setje seg inn i korleis dette skal utførast. Då er det nødvendig å sjå litt på nokre enkle krav frå maskinforskrifta, korleis ein PLS fungerer og korleis han skal programmerast.