Film og filmklipp
Utfordringar med stoppknappar i PLS
Her går vi igjennom utfordringar du kan møte når du skal kople stoppknappar ute i anlegget som er programmert i PLS, anten dei er kopla som NC (normalt lukka) eller NO (normalt open).
Når du koplar ein PLS på eit anlegg (skap) ute i bransjen, kan du oppleve å få ein konflikt i programmeringa. I praksis betyr det at denne NC-knappen eller kontakten er inne, altså "på", og anlegget vil ikkje fungere.
Her må vi gjere sjølve programmeringa av NC-brytaren til å verke slik at han blir vist som normalt open (NO) i dataprogrammet. Videoen viser dette nærare.
Programmering og kopling
I bransjen er det vanleg med NC-kontakt (brytar). NC (Normally Closed) betyr at brytaren vanlegvis fører straum om du ikkje har betent han.
Er stoppknappen fysisk ein NO (Normally Open), må du programmere han som NC.