Hopp til innhald
Fagartikkel

PLS: Kva er det, og korleis er det bygt opp?

PLS står for «programmerbar logisk styring» og er namnet på ei type eining ein kan styre elektriske og automatiske system med. Denne eininga kan brukast i staden for reléstyringar og har fleire avanserte moglegheiter når det gjeld styring og overvaking. Vi skal sjå litt på oppbygginga av PLS.

Ein PLS kan programmerast til å utføre dei instruksjonane vi gir han. Grunnlaget for programmeringa er logiske funksjonar som «OG» og «ELLER». Styringa blir utført i tråd med programmeringa.

Ein PLS består av straumforsyning, ei sentraleining, ei inngangseining og ei utgangseining.

Variantar av PLS

På biletet nedanfor ser du to variantar av PLS.

Den øvste er ein enkel kompakt PLS som er produsert for å vareta enklare operasjonar.

Den nedste er ein modulbasert PLS som kan byggjast ut etter behov. Desse er produserte for å vareta større og meir avanserte funksjonar.

Oppbygging av PLS og gjennomgang av Omron PLS CP1L

Video: Esteban Panza / CC BY-SA 4.0