Hopp til innhald

Fagstoff

Vindparkar

For å få ned kostnadene for vindkraft plasserer ein vindturbinane saman i store vindparkar. Det er billigare å byggje og drive ein stor park enn mange enkeltturbinar. Vindparkane blir plasserte på stader med jamn og kraftig vind heile året.

Vindkraft i verda

Det landet i verda som har installert mest vindkraft hittil, er Kina, følgd av USA. Kina var òg det landet som installerte mest ny vindkraft i 2021 (Global Wind Energy Council, 2021, u.å.). Av dei europeiske landa er det Spania og Tyskland som har mest vindkraft. Europa ligg langt framme når det gjeld teknologi og fabrikantar innan vindkraft.

Vindparkar i Noreg

Det finst ca. 50 små og store vindparkar i Noreg. Den største ligg på Storheia i Trøndelag. Storheia vindpark har 80 vindturbinar og produserer 1 000 GWh i året. Andre vindparkar finst på Hitra i Trøndelag og i Kjøllefjord i Troms og Finnmark. Desse tre parkane er eigde av Statkraft.

Planlegging av vindpark

Viss ein tenkjer å byggje ein vindpark, måler ein vindfarten på staden med eit anemometer. Det gjer ein gjerne to år før parken blir bygd. Då kartlegg ein vindforholda i området ved hjelp av måling og berekningar, og så finn ein ei god plassering av turbinane innanfor området.

Konsesjon

I Noreg må dei som vil byggje ut eit vindkraftverk, sende konsesjonssøknad til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det er mange faktorar som må undersøkjast før ei eventuell godkjenning, og det tek vanlegvis fleire år. Negative og positive verknader blir tekne omsyn til, til dømes påverknader på lokalområdet.

Tilknyting til straumnettet

Ei vanleg utfordring for norske vindkraftverk er tilknyting til straumnettet. Ofte blir kraftverka bygde langt ute på kysten – der det er mykje vind – eit godt stykke frå det eksisterande straumnettet. Det er dyrt å byggje ekstra straumnett, og kanskje er dette ein faktor som gjer det mindre freistande for norske utbyggjarar å satse på vindkraftverk.

Offshore vindkraftverk

I Noreg er den gjennomsnittlege vindfarten i løpet av eit år på ein stad med mykje vind ca. 7–9 m/s, målt 50 meter over bakken. Dette er lågare enn vindfarten offshore. Vi har òg eit veldig variert terreng, noko som kan skape turbulens for vindturbinane. Derfor ønskjer ein no å satse på offshore vindkraftverk.

Kjelder

Global Wind Energy Council. (2021). Global Wind Report 2021. https://gwec.net/wp-content/uploads/2021/03/gwec-global-wind-report-2021.PDF

Global Wind Energy Council. (u.å.). Global Wind Report 2022. Henta 8. april 2022 frå https://gwec.net/global-wind-report-2022/

UngEnergi. (2021, 12. oktober). Hva er vindkraft. https://ungenergi.no/energikilder/vindkraft/hva-er-vindkraft/

CC BY-NC-SARettshavar: ungenergi.no
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Vindkraft