Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Bygg din eigen vindturbin

Undersøk kva faktorar som påverkar kor effektiv ein vindturbin er. Bygg deretter ein modell av ein vindturbin som produserer straum.
Mobilkran heisar på plass delar av vindturbin i naturområde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegg og bygg vindturbinar

For å kunne lage ein vindturbin som er mest mogleg effektiv, må de gå i djupna på vindturbinar og vindteknologi.

Det de finn ut i prosessen, skal de bruke til å byggje dykkar eigne modellar av vindturbinar.

Oppdrag

Det lokale energiselskapet vurderer å søkje om få byggje eit vindkraftverk. Før dei går vidare med planane, vil dei finne ut korleis vindturbinane bør sjå ut, og korleis dei bør plasserast i forhold til kvarandre.

  1. Lag forslag til korleis ein vindturbin bør utformast for at han skal generere mest mogleg effekt. Han må dessutan tole belastninga godt og bestå av lett material.
  2. Lag ein plan for korleis vindturbinane bør setjast opp i forhold til kvarandre.
  3. Lag ein modell (fysisk eller digital) av ein vindturbin og eit vindkraftverk.

Forarbeid

Set dykk inn i korleis vindturbinar fungerer.

Relatert innhald

Undersøkingar

Kva faktorar påverkar effekten til ein vindturbin?

Det er fleire faktorar som påverkar kor effektiv ein vindturbin er. De skal undersøkje desse faktorane og velje dei løysingane som kan gi størst effekt:

  • talet på rotorblad på vindturbinen
  • forma på rotorblada
  • vinkelen mellom rotorblada på vindturbinen og innkomande vind
  • plasseringa til vindturbinane i forhold til kvarandre i vindkraftverket

Planlegg

  1. Legg ein plan for korleis de skal finne ut korleis vindturbinen bør konstruerast.
  2. Lag hypotesar/spørsmål som de testar ut. Døme på hypotese: Vindturbinen gir mest effekt med fire rotorblad.

Sluttprodukt og vurdering

Presenter det de har funne ut. Lag ein rapport, biletserie eller film.

De har laga eit sluttprodukt med høg måloppnåing viss presentasjonen inneheld

  • dokumentasjon av arbeidsprosessen
  • målingar og vurderingar de har gjort
  • ferdige modellar

Kjelde

Lektor 2 Naturfagsenteret. (u.å.). Energiproduksjon. Henta 24. februar 2020 frå https://www.lektor2.no/c2235378/artikkel/vis.html?tid=2235334

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Magnar Jarle Lynglund og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2020

Læringsressursar

Vindkraft