Hopp til innhald

Fagstoff

Havvindanlegg

Offshore vindkraftverk har turbinar som er flytande, eller fundamenterte på havbotnen. Sidan det i gjennomsnitt er sterkare vind ute på havet enn på land, vil turbinane kunne produsere vesentleg meir elektrisitet enn tilsvarande turbinar på kysten.
Kjølvatnet til ein båt i framgrunnen, med ei rekkje vindturbinar til havs i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men havet byr også på utfordringar. Bølgjer, stormar og saltvatn gjer at vindturbinane til havs må kunne tole mykje meir enn vindturbinane på land. Dessutan må kablane som fører straumen til forbrukarane, vere lengre og tole havvatn. Offshore vindkraft er dyrare å installere og dyrare i drift enn vindkraft på land. I Noreg har 15 område langs kysten vorte føreslegne for offshore vindutbygging.

Du kan lese om prosjektet Hywind Scotland Pilot Park, den første flytande vindmølleparken i verda, på UngEnergi.

I 2020 vedtok regjeringa å opne to felt i Nordsjøen for havvindanlegg, Utsira Nord utanfor Haugesund og Sørlege Nordsjø II ved havgrensa mot Danmark. Til saman skal det byggjast vindparkar som kan levere 4 500 MW frå desse to områda.

Fordelar

  • Sjølv om det i ein pionerfase er dyrare å byggje ut vindkraftanlegg til havs enn på land, er det forventa å vere ei rimelegare løysing på sikt.

  • Sterkare vind til havs gjer at ein får meir energi enn frå landbaserte anlegg.

  • Vindkraft er grøn energi og kan på sikt erstatte fossil energiutvinning.

Ulemper

Havforskingsinstituttet peikar på ei rekkje utfordringar med å byggje ut vindkraftanlegg til havs:

  • Utbygging kan skade flora og fauna på havbotnen.

  • Støy frå anlegga kan forstyrre kommunikasjon mellom marine organismar.

  • Kablane som fører straum til land, skaper elektromagnetiske signal som kan påverke orienteringssansen til fisk og andre dyr på havbotnen.


Kjelder

Havforskingsinstituttet. (2022, 18. januar). Tema: Vindkraft til havs. https://www.hi.no/hi/temasider/hav-og-kyst/havvind

Olje- og energidepartementet. (2020, 12. juni). Opner områder for havvind i Noreg [Pressemelding]. Regjeringa. https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/aktuelt-regjeringen-solberg/oed/pressemeldinger/2020/opner-omrader/id2705986/

UngEnergi. (2017, 19. juli). Verdens første flytende vindmøllepark, en vind vind situasjon! https://ungenergi.no/2017/07/07/verdens-forste-flytende-vindmollepark-en-vind-vind-situasjon/

UngEnergi. (2021, 12. oktober). Hva er vindkraft. https://ungenergi.no/energikilder/vindkraft/hva-er-vindkraft/

CC BY-NC-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik. Rettshavar: UngEnergi
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Vindkraft