Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig energiproduksjon

Om ein energiproduksjon skal kallast berekraftig, kan han ikkje ha utslepp av klimagassar, og han kan heller ikkje skade naturmiljøet for komande generasjonar.
Bølgjeenergianlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftsomgrepet

Ordet berekraftig har blitt mykje brukt dei siste åra, og tydinga kan variere etter kva ein ønskjer å formidle. I naturfag bruker vi «berekraftig» om ei utvikling som fyller dagens behov utan å redusere moglegheita komande generasjonar har til å dekkje behova sine. Rein energi for alle er eitt av FNs mål for berekraftig utvikling.

Ikoner for dei 17 temaa i FN sine berekraftmål. Grafikk.
Vasskraftverk med ein foss lagd i røyr. Foto.

Energiproduksjon – overføring av energi

I eit vasskraftverk blir i vassmassane overført til i turbinane, som genererer elektrisk energi.

Kraftverket har altså ikkje produsert energi, men overført han til ei form vi lettare kan gjere nytte av.

Er vasskraft berekraftig?

Vi liker å tenkje at vasskrafta vi har i Noreg, er berekraftig, men det er ingen tvil om at økosystema betalte ein for høg pris for utbygginga. Dalføre blei demde opp, og elver og fossar blei tørrlagde. Arter som var avhengige av vassføringa, forsvann saman med naturopplevingane for oss menneske.

Demonstrantar i telt og lavoar har skrive «Elva skal leve!» i snøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein skal avgjere om ei energiform er berekraftig, må ein altså vurdere meir enn klimagassutsleppa frå produksjonen.

Nokon vil kanskje bli overraska over at stadig fleire tek til orde for at kjernekraft er energikjelda vi må satse på for å dekkje energibehovet i verda på ein berekraftig måte.

Vasskraft

  • Det er fornybart fordi vasskrinsløpet sørgjer for evig tilførsel av vatn.
  • Det gir minimale klimagassutslepp.
  • Utbygginga gir svært negative konsekvensar.

Vind og bølgjekraft

  • Det er fornybart fordi sola sørgjer for evig rørsle av luftmassar, som gir vind og bølgjer.
  • Gravitasjonen og jordrotasjonen gir tidvatn og bølgjer på havet.
  • Det gir minimale klimagassutslepp.
  • Det har negative konsekvensar for dyre- og plantelivet og gir støy og svekking av naturopplevingar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Varmekraft

Kolkraftverk med mykje damp. Foto.
  • Det er fornybart dersom ein bruker sola som energikjelde (solfangar).
  • Det er ikkje-fornybart dersom ein bruker fossile energikjelder eller overskotsvarme.
  • Solfangaranlegg er ofte svært store, og kan ha negative konsekvensar for økosystema i nærområdet.
  • Fossil energi gir store klimagassutslepp.
  • Bruk av overskotsvarme frå fabrikkanlegg er berekraftig.

Kjernekraft

 Atomkraftverk med utslepp av vassdamp. Foto
  • Det er ikkje-fornybart fordi grunnstoffa som blir brukte, finst i avgrensa mengder.
  • Det gir minimale klimagassutslepp.
  • Det gir små inngrep i naturen i forhold til dei enorme mengdene energi som blir produserte.
  • Radioaktivt avfall må lagrast på ein forsvarleg måte i fleire tusen år.

Berekraftig og fornybart – er det mogleg?

Vasskraft og vindkraft er fornybart, men kan ikkje kallast berekraftige når ein ser på dei negative konsekvensane det har for naturen. Solenergi blir rekna som fornybart, sjølv om sola har avgrensa levetid. Likevel er òg store solcelle- og solfangarparkar negative inngrep i naturen, og dei er i så fall ikkje berekraftige. Atomkraft er ikkje fornybart, men vi har store mengder brensel som kan gi berekraftig energi i lang lang tid framover. Eit atomkraftverk treng mykje mindre areal enn til dømes vindkraftverk, men legg framleis beslag på naturområde. Finst det i det heile ei form for energiforsyning som er både berekraftig og fornybar?

Ungdom med snakkebobler rundt kjernekraftverk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020

Læringsressursar

Produksjon, lagring og overføring av energi