Hopp til innhald

Fagstoff

Fornybare energikjelder

Fornybare energikjelder er ressursar som finst i naturen, og som ikkje blir brukte opp. Dette er energikjelder som ikkje forureinar på annan måte enn at installasjonen kan vere til sjenanse for enkelte. Det er konstant forsking på utnytting av desse ressursane, både her til lands og i verda elles.
Ein person held ein tommestokk med ein energikarakterskala bort til eit solcellepanel. Manipulert bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energiformer

I og med at dei ikkje-fornybare ressursane på eit eller anna tidspunkt vil bli brukte opp, må vi prøve å erstatte desse med andre typar energiformer.

Solenergi

Solenergien kan utnyttast direkte (ved til dømes oppvarming av vatn) eller indirekte der vi bruker solcellepanel. Denne energiforma er ikkje veldig mykje utnytta her i landet, då vêrforholda ikkje er stabile nok.

Video frå Kunnskapsfilm om solenergi.

E-førelesing om solceller frå Ask undervisning.

Bioenergi

Bioenergi omfattar ved, flis, hogstavfall og torv/halm. Biologisk materiale frå søppelfyllingar og husdyrgjødsel kan også samlast opp, reinsast og brukast til energiproduksjon (biogass).

Framstilling av bioenergi blir kalla CO2-nøytral då CO2-utsleppa ved framstilling ikkje kan bli større enn den mengda planeten har teke opp i levetida si.

I tillegg blir oljerike planter som raps, soya og solsikke nytta som råstoff til å framstille biodiesel.

Video om bioenergi frå Kunnskapsfilm.

Vindenergi

Vindenergi er den energiforma vi her i Noreg ser det største potensialet i. Heile vestlandskysten har mykje vind og er i så måte ypparleg for vindturbinar (vindmøller).

Video om vindkraft frå Kunnskapsfilm.

Energi frå havet

I havet ligg det potensielt mykje energi. Ettersom havet beveger seg, kan vi utnytte denne rørsleenergien. Bølgjekraftverk, tidvasskraft og saltvasskraftverk (osmose) er tre energiformer vi prøver å utnytte. Desse typane er forårsaka av vind og måne og oppstår der ferskvatn treffer saltvatn.

Det ligg eit enormt potensial her:

Video frå Kunnskapsfilm om energi fra havet.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Produksjon, lagring og overføring av energi