Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Praktisk oppgåve – heimelading av elbil

I dette læringsoppdraget skal du planleggje, utføre og gjennomføre sluttkontroll av installasjon av heimeladar til elbil. Du skal òg utarbeide aktuell anleggsdokumentasjon.
Ein elbil er parkert på brustein utanfor eit hus. Ein ladekabel går frå ein boks på veggen til bilen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging

Ein kunde tek kontakt og fortel at han har kjøpt seg ny elbil. Han ønskjer eit tilbod på installasjon av heimeladar i garasjen.

Kunden har ein forbrukskurs lagd fram til garasjen, han er kopla til ein eigen kurs i sikringsskåpet. Kabelen er PN 2,5 mm², installert med forlegningsmåte A1. Kursen er sikra med ein jordfeilautomat type B16A. Lengda på kursen frå koplingspunktet i garasjen til sikringsskåpet er 13 meter.

Elles opplyser kunden at han har kjøpt ein bil av typen Audi e-tron 55 quattro, og at han ønskjer at ladinga skal skje hurtig som mogleg. Han ønskjer ein eigen ladestasjon (mode 3). Du kan sjølv vurdere ulike løysingar og ladeboksar, alt etter kva du tenkjer at blir best for kunden.

  1. Foreslå ei løysing for kunden, og planlegg kva du treng av materiell, utstyr og verktøy. Vurder kva som er mogleg å få til på den eksisterande kursen. Eventuelt kan du foreslå utbetring av kursen eller å installere ein ny kurs.
  2. Lag installasjonsteikning og koplingsskjema.
  3. Gjer ei risikovurdering for arbeidet.

Relatert innhald

Kva kan ein tilby ein kunde som ønskjer ladestasjon for elbil, og kva krav må det elektriske anlegget til kunden oppfylle?

Praktisk utføring

  1. Kople opp installasjonen din slik du har planlagt han.

Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje normer og forskrifter. Spesielt relevant er eigne krav som gjeld installasjon av ladeboksar til elbilar.

Relatert innhald

Test og sluttkontroll

Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og for den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.

Relatert innhald

Her er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.

Dokumentasjon

Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med følgjande:

  1. kursoversikt
  2. installasjonsteikning
  3. koplingsskjema
  4. dokumentasjon av kabel og vern
  5. materialliste
  6. samsvarserklæring
CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Elbilar