Hopp til innhald

Fagstoff

Hurtiglading av elbilar

Overgangen frå bilar som køyrer på fossilt brennstoff, til elektriske bilar krev heilt ny infrastruktur langs vegnettet. Per oktober 2020 finst det over 3 000 hurtigladestasjonar i Noreg, men langt fleire er ønskeleg og krevst. Dette vil medføre mykje arbeid for elektrikarar i åra som kjem.
Elbil parkert ved sida av hurtigladestasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generelt om ladestasjonar

Norsk elbilforening meiner at det i åra framover bør byggjast minst 1 000 hurtigladestasjonar i året for å halde tritt med talet på nye elbilar på norske vegar, og at ein totalt sett bør sikte opp mot 8 000 ladeuttak for å unngå ladekøar og sikre god ladeinfrastruktur i heile landet.

Dette gjer at nyutdanna elektrikarar og energimontørar bør kunne noko om korleis hurtigladarar fungerer, og om kva for ulike typar stasjonar som finst.

Det vil òg krevje omfattande utbygging av det norske distribusjonsnettet, ettersom hurtigladestasjonar er svært energikrevjande, og sidan forventningane til og behovet for ladeeffekt blir større og større. Allereie i dag finst det bilar på marknaden som kan lade på maksimalt 250 kW, og ladestasjonar som kan levere opptil 350 kW. Så store energimengder stiller store krav til distribusjonsnettet.

Under kan du sjå eit kart frå Fjordkraft som gir ei oversikt over kvar du finn hurtigladestasjonar for elbilar i Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Korleis er ladestasjonane bygde opp?

Hurtigladestasjonar leverer som regel likestraum (DC) til bilane, sjølv om enkelte punkt òg ladar med vekselstraum (AC). Ein hurtigladestasjon er som regel kopla til eit 400V TN-nett, og består av tre ting:

  1. ein likerettar som omformar vekselspenning til likespenning;
  2. elektronikk som kommuniserer med bilen, og som styrer straumuttaket ut frå informasjon om varmen til batteriet, ladekapasitet og straumnivå. Det går raskare å lade eit tomt, varmt batteri enn eit nesten fullt, kaldt batteri;
  3. elektronikk som kommuniserer med kunde, straumleverandør og operatørselskapet til stasjonen. Det er vanleg at ein kan betene stasjonen med både ladebrikke (chip) og app på mobiltelefon, eller at ein blir belasta over SMS.

Ulike typar ladekontakter

Tilkoplingspunkt på ein hurtigladestasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst i dag to hovudtypar ladekontaktar for hurtiglading med likespenning, og éin standard for semi-hurtiglading med vekselspenning. Alle hurtigladestasjonar blir bygde med innebygde ladekablar og -kontaktar, og ein treng derfor ikkje ha med noko ladeutstyr når ein nyttar seg av dei.

Lading med likespenning (DC)

CHAdeMo-kontakt. Foto.
  • CHAdeMO (CHArge de MOve): Dette er standardladaren i Japan, og mange asiatiske elbilar, som til dømes Nissan Leaf, har brukt denne standarden òg i Europa. Ulempa med denne typen kontakt er at han krev eit eige tilkoplingspunkt i bilen (i tillegg til type 2-inngang som alle elbilar har for å lade på vekselspenning heime), og at han førebels er avgrensa til ein maksimal ladeeffekt på 100 kW. Mange av dei tidlegaste ladestasjonene i Noreg nytta denne standarden, og det er derfor mange av dei på marknaden, sjølv om dei fleste nye stasjonar i dag blir leverte med CCS-kontaktar.
CCS-kontakt. Foto.
  • CCS (Combined Charging System): Dette er standarden som dei fleste nye elbilar blir leverte med i dag, og som blir nytta i dei fleste nye hurtigladestasjonar. Fordelane med CCS-standard er at han tillèt hurtiglading på opptil 350 kW, og at han kan brukast i same sokkel på bilen som ein bruker til heimelading (type 2). Det gjer at bilane kan produserast med berre éin sokkel, i staden for fleire.
Type 2-kontakt. Foto.

Lading med vekselspenning (AC)

  • Type 2: Nesten alle elbilar som blir selde i Europa, blir leverte med type 2-sokkel og lada med type 2-kontakt. Denne blir stort sett nytta i private ladepunkt (heimelading), til ladepunkt på arbeidsplassar og på offentlege ladepunkt, men òg på ein del hurtigladestasjonar (semi-hurtiglading). Private ladestasjonar kan levere vekselspenningslading på inntil 22 kW, og semi-hurtigladestasjonar kan levere inntil 44 kW.
CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Elbilar