Hopp til innhald

Fagstoff

Heimelading av elbil

Stadig fleire vel elektrisk bil, og å etablere private ladepunkt for elbil har blitt ein vanleg del av arbeidskvardagen til ein elektrikar. Kva kan ein tilby ein kunde som ønskjer ladestasjon for elbil, og kva krav må det elektriske anlegget til kunden oppfylle?
Heimelading av elbil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) finst det i dag i hovudsak to vanlege løysingar for heimelading av elektrisk bil, der den første er klart anbefalt.

  1. ladestasjon (mode 3) – med type 2-kontakt eller fast kabel med plugg
  2. vanleg kontakt (mode 2) – vanleg stikkontakt

Ladestasjon (mode 3)

Ein ladestasjon består anten av ein type 2-kontakt, som ladekabelen kan koplast i, eller av ein fast installert kabel med type 2-plugg.

Type 2-plugg til lading av elbil. Foto.

Fordelen med mode 3 er at løysinga tillèt statisk lastestyring, det vil seie at ladehastigheita kan regulerast automatisk, alt etter kor mykje energi som til kvar tid blir brukt i resten av hushaldet. Dette er særleg ein fordel for installasjonar med fleire ladepunkt, til dømes på parkeringsplassen til eit større burettslag.

Du treng heller ingen eigen boks for å regulere ladehastigheita på sjølve ladekabelen ved mode 3, sidan denne elektronikken er innebygd i sjølve ladestasjonen.

Krav til installasjon av ladestasjon

Ein ladestasjon skal helst leggjast opp som ein eigen kurs i fordelingsskåpet, og det er forskriftskrav om type b og (NEK 400). Jordfeilbrytar tybe b er ofte innebygd i ladestasjonen, og då trengst det ikkje nokon ekstra jordfeilbrytar i fordelingsskåpet.

Det er òg mogleg å kople eitt enkelt ladepunkt på ein forbrukarkurs i carport, garasje eller liknande. Normalt sett blir ladekursen sikra med sikring på 16 A eller 32 A, alt etter kva effekt som er tilgjengeleg i fordelingssystemet.

Effekt på ladestasjon

Når du ladar bilen på ein mode 3-ladestasjon, vil ladetida vere avhengig av to ting:

  • Kva slags elbil du har: All heimelading av elbil skjer gjennom vekselstraum. Når ein ladar eit batteri med vekselstraum, er det den innebygde ombordladaren i bilen som først omformar straumen til ein likestraum, som deretter ladar batteriet i bilen. Dersom ombordladaren på bilen til dømes har ein maks effekt på 7 kW, vil dette vere maks ladekapasitet på vekselstraumuttak, uavhengig av kapasiteten på uttaket.
  • Kapasiteten på uttaket ditt: Kapasiteten er igjen avhengig av kva slags nettsystem du er kopla på (TN eller IT), og om du ladar på einfase (230 V) eller trefase (400 V). Einfaseuttak kan gi maksimal ladeeffekt på ca. 7 kW, medan trefaseuttak vanlegvis kan gi ladeeffekt på 11 kW eller 22 kW, og i heilt spesielle situasjonar 44 kW.

For dei fleste kundar vil lading på 7 kW vere tilstrekkeleg for normal bruk (heimelading over natta). Sjå tabellen nedst i artikkelen for døme på ladehastigheiter på nokre ulike typar elbilar.


Vanleg jorda kontakt (mode 2)

Ladekabelen blir her kopla i ein vanleg jorda stikkontakt (schuko-kontakt), og kabelen må ha innebygd boks for å regulere ladeeffekten.

Krav til installasjon av ladepunkt

Ein ladeboks for elbil er plugga inn i ein vanleg utandørs stikkontakt montert på ein husvegg av tre. Ladeboksen heng i stikkontakten. Foto.

Også her er det krav til jordfeilbrytar type 2 og overspenningsvern på kursen. Ved lading gjennom schuko-kontakt er det òg krav om sikring på maks 10 A. Grunnen til dette er at denne typen kontakt ikkje er bygd for å tole høgare belastningar over lengre tid.

Effekt på uttak

Eit mode 2-ladepunkt vil aldri kunne levere meir enn 2,3 kW ladeeffekt. Avhengig av batteristorleiken på bilen vil ladinga derfor ta svært lang tid, som vist i tabellen under.

Døme på teoretisk ladetid av heilt tomt batteri

Biltype

Mode 2 (2,3 kW)

Mode 3 (7 kW)

Mode 3 (11 kw)

Mode 3 (22 kW)

Mode 3 (44 kW)

Audi e-Tron 55 Quattro (95 kW)

41,3 timar

13,8 timar

8,6 timar

4,3 timar

ikkje støtta

BMW i3 (42,2 kW)

18,3 timar

6,1 timar

3,8 timar

ikkje støtta

ikkje støtta

Hyundai IONIQ (28 kW)

12,2 timar

4,1 timar

ikkje støtta

ikkje støtta

ikkje støtta

Jaguar I-PACE (90 kW)

39,1 timar

13 timar

ikkje støtta

ikkje støtta

ikkje støtta

Nissan Leaf 2018 (60 kW)

26,1 timar

8,7 timar

ikkje støtta

ikkje støtta

ikkje støtta

Renault ZOE ZE40 (41 kW)

17,8 timar

5,9 timar

3,7 timar

1,9 timar

0,8 timar

Tesla Model 3 Long Range (75 kW)

32,6 timar

10,9 timar

6,8 timar

ikkje støtta

ikkje støtta

CC BY-SASkrive av Bjørnar Moretnsen Vik.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Elbilar