Hopp til innhald

Fagstoff

Ekvivalens

Ekvivalens er ein implikasjon som gjeld begge vegar.

Dersom den logiske slutninga gjeld begge vegar, seier vi at vi har ein ekvivalens.
Teiknet «» blir kalla ei ekvivalenspil.

Døme 1

Vi ser på dei to utsegnene

p: x=2

q: 2x=4

Vi veit frå tidlegare at desse utsegnene er ekvivalente. Då kan vi skrive

x=22x=4

Vi les x=2 er ekvivalent med at 2x=4.

Dette tyder at det er implikasjon begge vegar

x=22x=4 og 2x=4x=2

Døme 2

Vi ser på utsegnene

p: Kaja bur i Bergen

q: Kaja bur i Noreg

Vi veit at "Kaja bur i Bergen" medfører at "Kaja bur i Noreg", eller pq. Men "Kaja bur i Noreg" medfører ikkje alltid at "Kaja bur i Bergen". Det er altså ikkje ekvivalens mellom dei to utsegnene p og q.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2018

Læringsressursar

Implikasjon, ekvivalens og nokre matematiske bevistypar