Hopp til innhald

Fagstoff

Kontroll av utstyr, flasker og slangar

Før du tek i bruk gassbrennaren, er det viktig at du kontrollerer at alt utstyret er i orden.

Kontroll av gassanlegg

Sjekk først om de har ein gassentral eller eit anlegg med lause gassflasker på verkstaden, og set deg deretter inn i dei ulike komponentane i det anlegget og kva du må kontrollere.

Klikk på symbola på bileta for å få informasjon om dei ulike komponentane og funksjonane du må kjenne til – eller les fagteksten under bileta.

Gassentral

Komponentar i ein gassentral

Gasslangar

Gasslangane fører gassen frå gassflaskene eller vegguttaket fram til gassbrennarhandtaket. Slangane har to ulike fargar. Den blå slangen skal vere kopla til oksygen, og den raude slangen skal vere kopla til brenngassen (acetylen).

Det er viktig at du kontrollerer at slangane ikkje har sprekkar og lekkasjar, ved å bøye litt på dei og inspisere. Du kan også sjekke slangane ved å lukke ventilane på brennarhandtaket og opne flaske- eller veggventilen for å sleppe trykk ut i slangane. Når du deretter stenger flaske- eller veggventilen igjen, kan du sjekke om trykket på manometeret søkk. Viss trykket søkk, er det ein lekkasje mellom flaske- eller veggventilen og ventilane på brennarhandtaket.

Gassbrennarhandtak

Gassbrennarhandtaket har to ventilar som du kan opne og lukke ved å vri på dei.

Det er viktig at du kontrollerer at slangetilkoplingar og anleggsflata for sveisebendet ikkje har skadar, før du tek i bruk gassbrennaren.

Sveisebend

Sveisebendet vel du ut frå tjukkleiken på det arbeidsemnet du skal varme eller sveise. Storleiken på sveisebendet blir oppgitt i liter per time, som angir kor mykje oksygen og acetylen som strøymer gjennom bendet i timen.

Det er viktig at du sjekkar at sveisebendet ikkje er gjensota. Ved behov finst det spesielle reinsenåler du kan bruke for å reingjere sveisebendet.

Du må også sjekke at tetningsringane på sveisebendet er uskadde, og at det ikkje er feitt eller oljeprodukt på tilkoplingspunkta.

Røyranlegg

I eit gassanlegg med fastmonterte flasker blir gassen ført fram til arbeidsstasjonane gjennom røyr.

Det er viktig at du kontrollerer at desse røyrgatene er tette. Dette gjer du ved å lukke stengeventilane på alle arbeidsstasjonane, opne ventilen på gassentralen eller gassflaskene og så lukke han igjen. Deretter sjekkar du trykket i systemet ved å følge med på manometera. Viss trykket søkk, er det lekkasje i eit røyr. Du kan ikkje bruke gassanlegget før lekkasjen er tetta.

Den enklaste metoden for å sjekke om ei kopling lek, er å bruke såpevatn. Såpevatnet vil boble viss det lek ut gass eller oksygen.

Stengeventil

Stengeventilen blir brukt til å stenge gasstilførselen frå ein gassentral eller ei fastmontert flaske.

Eit gassanlegg kan ha fleire stengeventilar, og det er viktig at du set deg inn i kor desse er monterte. Stengeventilen i nokre gassentralar kan også vere elektrisk betent.

Flytmålar

Ein flytmålar måler kor stort volum av gass som passerer målaren. Målaren angir antal liter gass per time.

Du les av flytmålaren ved å sjå kor høgt ei kule løftar seg i måleglaset når gassen strøymer gjennom målaren.

Trykkregulator

Trykkregulatoren blir brukt til å justere kor stort trykk som kjem inn i slangane eller røyrgata. Regulatoren har som oftast to ulike manometer, der det eine manometeret viser trykket i gassflaska eller i gassentralen, og det andre viser trykket som blir sleppt ut i slangen.

Det er viktig at du stiller inn rett trykk før du tenner gassbrennaren.

Tilbakeslagsventil

Tilbakeslagsventilen skal stoppe eit tilbakeslag (brann i slangane), slik at brannen ikkje når fram til gassflaskene eller gassentralen.

Det er viktig at tilbakeslagsventilen blir montert så nært slangane som mogleg, slik at tilbakeslaget blir stoppa så tidleg som mogleg.

Anlegg med lause gassflasker

Komponentar i anlegg med lause gassflasker

Veltesikring

Gassflasker skal alltid oppbevarast ståande.

Flaskene er svært tunge og må derfor sikrast med veltesikring. Viss ei flaske veltar, kan personar rundt flaska bli skadde. Slangar og ventilar kan også bli skadde og begynne å leke. Flaskene kan til dømes sikrast ved hjelp av ein kjetting, ein stropp eller fastmonterte klemmer.

Tilbakeslagsventil

Tilbakeslagsventilen skal stoppe eit tilbakeslag (brann i slangane), slik at brannen ikkje når fram til gassflaskene eller gassentralen.

Det er viktig at tilbakeslagsventilen blir montert så nært slangane som mogleg, slik at tilbakeslaget blir stoppa så tidleg som mogleg.

Trykkregulator

Trykkregulatoren blir brukt til å justere kor stort trykk som kjem inn i slangane eller røyrgata. Regulatoren har som oftast to ulike manometer, der det eine manometeret viser trykket i gassflaska eller i gassentralen, og det andre viser trykket som blir sleppt ut i slangen.

Det er viktig at du stiller inn rett trykk før du tenner gassbrennaren.

Flasketilkopling

Dei aller fleste gassflasker har ei skrukopling for å kople dei til ein regulator eller eit gassanlegg.

Når du skal montere ei kopling, må du kontrollere at anleggsflatene er reine, og at det ikkje er feitt eller andre smørjemiddel på anleggsflatene. Stram koplinga med rett moment, og kontroller at koplinga er tett.

Gassflasker

Gassflaskene skal alltid oppbevarast ståande og sikrast med veltesikring, til dømes ved hjelp av ein stropp eller ein kjetting.

Fargen på gassflaskene viser kva slags gass dei inneheld.

Viss de har fastmonterte gassflasker på verkstaden, er det viktig at flasker med oksygen og flasker med brennbar gass ikkje blir oppbevarte saman. Viss det skjer ein lekkasje, vil dei to gassane saman danne ein svært brennbar gass.

Utstyr for gassveising

Det finst ei rekke tilbehøyr og verktøy som er naturlege å bruke når du jobbar med ein gassbrennar. Det er viktig at du kjenner til desse.

Tilbehøyr og verktøy for sveising med gassbrennar

Sveisemaske

Du kan bruke ei sveisemaske når du jobbar med ein gassbrennar, men då er det viktig at sveisemaska har eit verneglas som er berekna for gassbrennar. Vanlege glas i ei sveisemaske kan vere for mørke til å bli brukte saman med ein gassbrennar.

Gasstennar

Gasstennaren skaper ein gneiste ved å dra ein tennstift mot eit grovt underlag. Tennstiften kan skiftast ut.

Det er viktig at du kontrollerer at gasstennaren gir god gneiste.

Du må aldri tenne ein gassbrennar ved hjelp av ein lighter eller fyrstikker.

Sveisehanskar

Når du bruker gassbrennaren, jobbar du med open flamme med høg temperatur. Arbeidsemnet vil også oppnå høge temperaturar når det blir varma opp.

Derfor er det viktig at du bruker sveisehanskar som toler høg varme, og ikkje berre vanlege arbeidshanskar. Du bør dessutan bruke lange hanskar som går utanpå arbeidstøyet, for å hindre at gneistar kjem opp i erma på kjeledressen.

Stålbørste

Du kan bruke ein stålbørste til å pusse av slagg og ureiningar i området du varmar eller sveiser på.

Pass på at stålbørsten er rein og utan olje og kjemikal som kan ta fyr under børstinga. Merk at det kan oppstå gneistar når du bruker børsten.

Slagghammar

Ein slagghammar blir brukt til å banke vekk slagg og ureiningar frå sveisen eller det området du varmar.

Magnetvinklar

Magnetvinklar blir brukte til å halde arbeidsemne og plater saman i ulike vinklar under sveising og varming.

Sveisetong

Når du varmar eller sveiser på eit arbeidsemne med ein gassbrennar, blir overflatene svært varme.

Då er det nyttig å ha ulike sveisetenger tilgjengeleg viss du må halde, flytte eller løfte arbeidsemnet du jobbar på.

Sveisebriller

Sveisebriller blir også kalla loddebriller og er berekna på bruk saman med gassbrennar, både under oppvarming, lodding og sveising.

Desse brillene har ofte glas som kan slåast opp, og dei fungerer då som vanlege vernebriller.

Merk at glasa i desse brillene ikkje gir tilstrekkeleg vern ved sveising med elektriske sveiseapparat.

Brytar for gassentral og avsug

Viss du jobbar på ein verkstad med gassentral, kan det vere at ventilane ved sentralen blir betente elektrisk. Då vil det vere ein brytar ein stad i verkstaden som du bruker til å opne og lukke ventilane. Ofte er denne brytaren også kopla til eit avsug, slik at avsuget startar automatisk når du opnar gassen.

Trykkregulator

Trykkregulatoren blir brukt til å justere kor stort trykk som kjem inn i slangane eller røyrgata. Regulatoren har som oftast to ulike manometer, der det eine manometeret viser trykket i gassflaska eller i gassentralen, og det andre viser trykket som blir sleppt ut i slangen.

Det er viktig at du stiller inn rett trykk før du tenner gassbrennaren.

Røyranlegg for gass

I eit gassanlegg med fastmonterte flasker blir gassen ført fram til arbeidsstasjonane gjennom røyr.

Det er viktig at du kontrollerer at desse røyrgatene er tette. Dette gjer du ved å lukke stengeventilane på alle arbeidsstasjonane, opne ventilen på gassentralen eller gassflaskene og så lukke han igjen. Deretter sjekkar du trykket i systemet ved å følge med på manometera. Viss trykket søkk, er det lekkasje i eit røyr. Du kan ikkje bruke gassanlegget før lekkasjen er tetta.

Den enklaste metoden for å sjekke om ei kopling lek, er å bruke såpevatn. Såpevatnet vil boble viss det lek ut gass eller oksygen.

Funksjonstest før bruk

  • Før du bruker gassbrennaren, må du alltid sjekke at alt utstyret er i orden.

  • Viss du oppdagar skadar eller defektar på slangar eller utstyr, kan du ikkje bruke gassbrennaren før manglane er utbetra. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at utstyret blir reparert.

  • Så lenge gassbrennaren med tilhøyrande utstyr er i ustand, må han vere merkt, slik at ingen kan bruke utstyret og utsetje seg sjølv eller andre for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for gassbrennar