Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg verneutstyr

Når du jobbar med ein gassbrennar, må du bruke personleg verneutstyr for å redusere risikoen for skade. Her får du ei oversikt over det utstyret som er påkravd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg verneutstyr

Dette personlege verneutstyret må du bruke når du jobbar med ein gassbrennar:

  • heildekkande arbeidstøy

  • vernesko

  • varmebestandige hanskar

  • sveisebriller

Hugs at viss du jobbar i eit område med dårleg lufting, er det viktig at du også bruker ei friskluftmaske. Varmar du materiale som er overflatebehandla og dermed kan gi frå seg gassar, bør du bruke ei kolfiltermaske.

Det finst også eigne skilt som gir informasjon om påkravd verneutstyr. Klikk på biletet for å lese meir om verneutstyret og skilta – eller les fagteksten nedanfor.

Heildekkande arbeidstøy

Når du jobbar med open flamme og høge temperaturar, er det viktig at du bruker heildekkande arbeidstøy med tettsitjande erme, som er godkjent for sveising og varme.

Som eit ekstra vern kan du bruke eit sveiseforkle eller ei sveisejakke.

Påbodet om å bruke heildekkande arbeidstøy er varsla med eit rundt skilt som viser ein kvit, heildekkande kjeledress på blå bakgrunn.

Vernesko

Når du bruker ein gassbrennar, jobbar du ofte med tunge arbeidsemne. Då er det viktig at du bruker vernesko for å verne føtene dine viss du er uheldig og mistar noko.

Verneskoa må også tole høg varme og gneistar. Pass dessutan på at arbeidstøyet går utanpå verneskoa, slik at gneistar ikkje kjem ned i skoen.

Påbodet om å bruke vernesko er varsla med eit rundt skilt som viser ein blå og ein kvit vernestøvel på blå bakgrunn.

Sveisehanskar

Når du bruker gassbrennaren, jobbar du med open flamme med høg temperatur. Arbeidsemnet vil også oppnå høge temperaturar når det blir varma opp. Derfor er det viktig at du bruker sveisehanskar som toler høg varme, og ikkje berre vanlege arbeidshanskar.

Viss det oppstår ein brann i koplingar, ventilar eller liknande, er det også viktig at hanskane toler varme, slik at du kan prøve å lukke ventilane.

Du bør dessutan bruke lange hanskar som går utanpå arbeidstøyet, slik at gneistar ikkje kan komme opp i ermet på kjeledressen.

Påbodet om å bruke vernehanskar er varsla med eit rundt skilt som viser ein kvit og ein blå hanske på blå bakgrunn.

Sveise- og loddebriller

Flammen frå ein gassbrennar har høg lysintensitet, og du kan skade auga dine viss du ser på flammen over tid utan vern. Du må derfor bruke sveise- og loddebriller med mørke glas.

Du vil heller ikkje klare å sjå detaljane i flammen utan å bruke sveisebriller.

I tillegg til å verne auga mot det sterke lyset, vernar brillene også auga mot gneistesprut.

Merk at briller med glas for gassflamme berre er godkjende som sveisebriller for gassveising, ikkje for sveising med elektrisk sveiseutstyr.

Påbodet om å bruke sveisebriller er varsla med eit rundt skilt som viser eit kvitt omriss av hovudet til ein person som har på seg ugjennomsiktige vernebriller, på blå bakgrunn.

Kontrollspørsmål

Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for gassbrennar