Hopp til innhald

Fagstoff

Oppsummering

Her får du eit lite samandrag av den teoretiske opplæringa du har gjennomgått, og informasjon om kva du må gjere for å få godkjent sikkerheitsopplæringa.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samandrag

Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ein gassbrennar. Då står det att ein praktisk demonstrasjon på verkstaden før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Dette har du lært om gassbrennaren

  • Du har fått sjå ein introduksjonsfilm om sikker bruk av ein gassbrennar.

  • Du har fått informasjon om kva for risikomoment du kan bli utsett for, og kva for verneutstyr du må bruke for å redusere risikoen for å bli skadd.

  • I tillegg har du fått informasjon om ulike system for lagring av gass, sikkerheitsutstyr, justering av trykk og anna utstyr som blir brukt saman med gassbrennaren.

  • Du har også fått informasjon om korleis du tenner, bruker og sløkker gassbrennaren på ein sikker måte.

Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.

Praktisk gjennomgang på verkstaden

Du skal no gå på verkstaden og sjå på gassanlegget og gassbrennarane de har på skulen din. Det er viktig at du set deg inn i oppbygginga av og utstyret for dei ulike gassanlegga og ‑brennarane fordi dei kan vere ulikt utforma.

Når du sjølv meiner du har god nok kunnskap om sikker bruk av ein gassbrennar, fyller du ut eigenerklæringa. Eigenerklæringa tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.

Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å bruke gassbrennaren.

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for gassbrennar