Fagartikkel
Sveising
Sveising er ein metode for sammenføyning av delar av metall eller plast.
Sveising blir delt inn i to hovudgrupper: smeltesveising og pressveising.
Det karakteristiske for smeltesveisinga er at metalla blir smelta − det vil seie blir flytande. Sveisesamanbindinga blir danna ved at metalla størknar etterpå.
Ved pressveising blir derimot ikkje smeltetemperaturen til metallet oppnådd, men temperaturen blir så høg at fugeflatene blir plastiske − det vil seie mjuke.
Fugeflatene blir lagde mot kvarandre. Når dei seinare blir pressa saman under oppvarming, oppstår rekrystallisering. Rekrystallisering inneber at det blir danna nye krystallar i metalla. Krystallane veks saman over fuga og dannar sveisesamanbindinga.