Hopp til innhald

Fagstoff

Elektrodar

Sveiseelektroden består av to delar: kjernetråden og dekket.
Bildet viser kjernetråd og dekke. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektroden si oppbygging

Elektrodane blir vanlegvis tilverka i fire forskjellige lengder:
300, 350, 450 og 700 mm.

Kjernetråden

Den sistnemnde elektroden blir hovudsakleg nytta ved stativsveising. Lengda på elektroden bestemmer kor mykje straum han toler, altså evna til å leie elektrisk straum. Ulegert stål leier straumen best, mens høglegert stål leier straumen dårlegast. Det er derfor ein lagar elektrodar i forskjellige lengder, og det er derfor dei rustfrie elektrodane med høglegert kjernetråd alltid er korte. Dei må vere korte fordi dei ikkje toler straumen i lengre tid.

Bruker du for høg straumstyrke, får du ei påminning om dette ved at elektrodestumpen blir sterkt raudfarga. Den eine enden på elektroden blir kalla festet eller tangenden. Den andre enden blir kalla spiss eller tennenden. Oftast finst eit grafitt- eller metallbelegg på spissen. Dette lettar tenninga.

Dekket

Ein kan ha forskjellige dekke til same typen kjernetråd. I dekket til elektroden blandar ein inn ulike mineral og legeringselement. Det er desse legeringselementa som gir sveisegodset dei ønskte eigenskapane. I visse tilfelle blir òg jernpulver sett til. Som bindemiddel blir det brukt vassglas. Dei forskjellige dekketypane gir elektroden forskjellige sveiseeigenskapar og sveisegods som resultat etter sveisinga. Dekket har forskjellige funksjonar.Det skal gi sveisegodset dei ønskte eigenskapane når det gjeld å vere haldfast, korrosjon, hardleik osv.

Smeltebadet sitt vern

Dekket dannar dessutan slagg, som krinsar om metalldropane i lysbogen og vernar smeltebadet. Slaggdanninga gir òg strengen den ønskte forma og overflata. Dessutan skal dekket danne eit krater for å rette lysbogen og materialtransporten. Materialtransporten skjer i form av dropar, som kan vere varierande i storleik for ulike elektrodetypar. Dekket utviklar ein vernegass – for eksempel karbondioksid – og vernar dermed smeltebadet og metalldropane mot den skadelege innverknaden frå lufta. Deoksidasjonsmiddel finst òg i dekket for å hindre oksidasjon.

Bindemiddelet vassglas blir brukt for å betre straumovergangen i lysbogen og på dette viset halde ved like lysbogen. Dette skjer ved hjelp av små elektrisk ladde partiklar.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Sveising