Hopp til innhald

Fagstoff

Bogesveising

Bogesveising er éi form for smeltesveising. Varmen kjem frå den elektriske lysbogen der temperaturen går opp til mellom 5000 og 15 000 ºC avhengig av kva bogesveisemetode som blir brukt.
Sveisar som bogesveisar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metallbogesveising

Ein deler bogesveising inn i to hovudtypar: metallbogesveising og gassbogesveising.

Hovudtypane blir igjen delte opp i individuelle sveisemetodar.
Karakteristisk for manuell bogesveising er at ein for hand fører ein elektrode langs materiala. Elektroden er bygd opp av ein kjernetråd som er belagd med eit dekke.

Kjernetråden har to funksjonar. Dels leier han sveisestraumen, dels leverer han sveisegods eller sveiseavsett til fuga.

Den viktigaste oppgåva til elektrodedekket er å verne metalldråpane og smeltebadet frå den skadelege innverknaden frå lufta. Det blir danna slagg som legg seg rundt metalldropane under transporten i lysbogen og dekkjer smeltebadet. Elektrodedekket utviklar òg gassvern. Derved blir oksygenet og nitrogenet i lufta hindra i å reagere kjemisk med sveisegodset slik at fastleikseigenskapane blir reduserte. Dekket har òg til oppgåve å skape ein stabil lysboge som lettar sveisearbeidet. Manuell metallbogesveising er den vanlegaste sveisemetoden. Han blir brukt ved sveising av stål, støypejern og dei fleste ikkje-jernmetall.

Gassbogesveising

Ei anna form for smeltesveising er gassbogesveising. Ein deler
gassbogesveisinga inn i to hovudgrupper:

  • gassmetallbogesveising
  • gasswolframbogesveising


Felles for desse er at éin eller fleire gassar kontinuerleg blir tilførte rundt lysbogen. Vi skal sjå på gassmetallbogesveising her.

Gassmetallbogesveising

Gassmetallbogesveising omfattar to variantar: MIG-sveising og MAG-sveising. Prinsippa for metodane er dei same. Forskjellen ligg i den gassen som blir brukt for å verne metalldropane og smeltebadet. Tilsettmaterialet består av ein kontinuerleg frammata metalltråd og vernegass.

MIG sveisar med esab utstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Ved MIG-sveising blir vernegassen argon og/eller helium brukt. Ved MAG-sveising blir den billigare vernegassen karbondioksid eller ei blanding av argon og karbondioksid brukt.

Ved MAG-sveising kan det nyttast røyrtråd i staden for massiv metalltråd. Røyrtråden inneheld metall og slaggdannarar i pulverform. Ein variant av røyrtråd kan òg sveisast utan vernegass.

MIG-sveising blir hovudsakleg brukt ved sveising av
aluminium og aluminiumslegeringar. For lettare å kunne kontrollere
varmetilførselen ved MIG-sveising nyttar ein somme gonger ein pulserande lysboge.

Det største bruksområdet til MAG-metoden er tilverking av stålkonstruksjonar av tynne og mellomtjukke plater. Både MIG- og MAG-sveising blir somme gonger brukt for punktsveising òg.

TIG- og MIG-sveising. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sveisesamanbindingar

Uansett kva for ein sveisemetode ein bruker, så er sveisesamanbindinga svært viktig. Ein må velje fugeform, frå- eller motsveising, elektrodetype osv. Det er òg viktig at ein lærer å vurdere det arbeidet som er gjort. Er sveisen riktig utført? Er det god innbrenning? Osv.

Sveisefeil

Det er svært viktig at ein sveis ikkje inneheld feil. Dei mest vanlege feila kan vere kantsår, porer i sveisen og bindefeil. Dei fleste feila kan ein unngå ved bruk av riktig utstyr, sveiseparameter som straum, fart og metode. Jo flinkare ein er til å sveise, jo mindre feil blir det i sveisen. Øving gjer meister!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2019

Læringsressursar

Sveising