Munnleg kommunikasjon: fordelar og ulemper
Vi tilrår at du les artikkelen Munnleg kommunikasjon – intern før du startar med desse oppgåvene.
Gi døme på situasjonar i kvardagen din der du kommuniserer munnleg.
Gi døme på situasjonar i kvardagen din der du kommuniserer skriftleg.
Kva er ein dialog, og kvifor er det ofte betre å ta dialogar munnleg?
Munnleg kommunikasjon er meir enn berre orda som blir sagde. Gi døme på andre element som speler inn i munnleg kommunikasjon.
Sjefen din har for vane å fordele arbeidsoppgåver og instruksjonar munnleg. Dette skjer i møte, og når han møter tilsette rundt omkring i bedrifta.
Kva fordelar er det ved å bruke munnleg kommunikasjon for å instruere tilsette?
Kva ulemper kan oppstå på grunn av munnlege instruksjonar til tilsette?
I nokre samanhengar er munnleg samtale betre enn å ta kommunikasjon skriftleg. Gi nokre døme på slike situasjonar.
Kundar og brukarar føretrekker ofte å ta kontakt per telefon eller ved personleg oppmøte. Kvifor trur du det er slik, og kva er fordelane og ulempene ved slik kommunikasjon?
Korleis trur du kvardagen din ville ha vore med veldig lite munnleg kommunikasjon med venner og kollegaer?
I teorien er munnlege avtalar like bindande som skriftlege, men i praksis vil ein skriftleg avtale vere meir sikker og påliteleg for begge partar.
Gi nokre døme på uheldige situasjonar som kan oppstå ved munnlege avtalar, som ikkje oppstår med ein skriftleg avtale.Ulik alder, kultur og interesser kan gjere at vi i samtale misforstår uttrykka og dei språklege bileta vi bruker. Gi ein kort definisjon og eit døme på kvar av desse typane:
slanguttrykk
idiom
allusjon
allegori
metafor
Du kan lese meir om dei fleste av desse omgrepa i norskemnet Språklege verkemiddel.