Hopp til innhald

Fagstoff

Konsulentrolla

Du skal no få eit innblikk i korleis det er å jobbe som konsulent for ein ekstern oppdragsgivar. Du vil òg få nokre nyttige tips som kan bidra til eit godt samarbeid mellom deg som konsulent og verksemda som får konsulentbistand.
Ung kvinne i jeans og dressjakke står framfor eit arbeidsbord med skuffer. På bordet er det mellom anna ei berbar datamaskin, ein fasttelefon, ein mobiltelefon, ei avtalebok og ein pappkopp. På veggen bak kvinna heng det fotografi av menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å jobbe som konsulent

Mange verksemder har i periodar behov for å hente inn ekspertise og spisskompetanse på område dei sjølve ikkje jobbar med til vanleg. Då er det aktuelt å hente inn konsulentbistand frå ein ekstern konsulent eller konsulentverksemd som har den nødvendige ekspertisen.

Tenk deg at du er tilsett i ei teknologibedrift, i eit kommunikasjonsbyrå eller i ei bedrift innanfor bygg- og anleggsbransjen. Bedrifta der du er tilsett, tilbyr konsulenttenester til andre verksemder. Når du blir leigd ut som konsulent, vil arbeidsoppgåvene dine gå ut på å hjelpe ei verksemd med konkrete prosjekt eller oppgåver, eller å jobbe timebasert som konsulent.

Ved ein slik leveranse vil bedrifta der du er tilsett, fungere som ein tenesteleverandør til eit anna selskap (oppdragsgivar). Kor mykje du skal jobbe for oppdragsgivar, og kva oppdragsgivaren skal betale for å leige deg inn som konsulent, er noko som blir avklart og avtalt før du byrjar.

Fordelar og ulemper ved konsulentrolla

Fordelar

  • Du treffer nye menneske, får gjere nye prosjekt og får innblikk i ein annan bedriftskultur.

  • Du kan få påfyll av ulik kompetanse i møte med andre menneske, fagmiljø, kulturar og stader.

  • Ved at du blir synleg som utleigd konsulent, kan du styrke posisjonen din i eiga bedrift der fakturerbar tid er viktig for drifta.

  • Du får bryne deg på problemstillingar, menneske, kulturar og samarbeidsprosessar som kan vere annleis enn det du er vand med frå di eiga bedrift.

Ulemper

  • Du blir ein tydeleg ressurs hos oppdragsgivar og ofte meir synleg enn dei som er ordinært tilsett. Dette er bra ved suksess, men det kan vere utfordrande når det ikkje går så bra.

  • Du kan ende opp med å jobbe meir åleine enn i di eiga bedrift, utan det same støtteapparatet og tette miljøet rundt deg for sparring.

  • Økonomisk kan du vere utsett for eit større press dersom inntekta di er basert heilt eller delvis på resultata du oppnår.

Konsulentoppdraget

Når konsulentoppdraget ditt startar, er det viktig å avklare kva oppdragsgivar ønsker at du skal levere, på kva måte det skal leverast, og til kva tidsfrist. Det kan vere nyttig å ha ein fast kontaktperson i verksemda der du er konsulent, slik at du veit kvar du kan gå ved spørsmål.

For å kunne jobbe mest mogleg effektivt er det ein fordel å ha oversikt over kva du må kjenne til hos kunden for å kunne gjennomføre arbeidsoppgåvene dine. Avklar derfor tidleg om det er ønskeleg at du følger ein bestemd arbeidsmetodikk, om det er spesielle rutinar du bør kjenne til, eller om det er interne system du treng tilgang til for å hjelpe kunden på ein effektiv måte.

Hugsereglar
  • Få oversikt over kva det er forventa at du skal levere, korleis du skal levere det, og til kva tidsfrist.

  • Hugs å varsle kunden tidleg dersom det oppstår problem med å nå deadlines eller fristar.

  • Ver hyggeleg og gi kunden god service.

  • Spør kunden dersom det er noko du er usikker på.

Møtet med bedriftskulturen

Bedriftskulturen har innverknad på korleis dei tilsette samarbeider, snakkar og skriv til kvarandre, i kva grad dei er formelle eller uformelle i møte med kvarandre, og korleis dei oppfører seg overfor kvarandre.

Bedriftskulturen omfattar òg skriftleg kommunikasjon, typisk ved e‑post. Her kan nokre bedrifter ha ein veldig lett, uformell tone der det ikkje er så nøye med grammatikken og rettskrivinga. Hos andre blir den interne måten å skrive på rekna som like viktig og korrekt som den kommunikasjonen ein har eksternt, altså med kundar, samarbeidspartnarar, leverandørar og andre.

Unge menn gir kvarandre ei knyttnevehelsing, ein fist bump, mens dei sit og arbeider ved det same bordet. Foto.

Det kan vere nyttig å kjenne seg litt fram og prøve å oppføre seg etter bedriftskulturen. Det kan òg vere lurt å spørje om bedrifta har nokre retningslinjer om noko av dette slik at ein lettare forstår kva ein skal ta omsyn til. Om det ikkje finst slike retningslinjer, kan ein be kontaktpersonen sin om å fortelje litt om bedriftskulturen. Dette gjer det ofte enklare å tilpasse seg dei gjeldande reglane, formelle og uformelle, og på den måten raskare bli akseptert og inkludert i verksemda.

Interessekonfliktar

Som konsulent kan du hamne i ein interessekonflikt dersom du har interesser som ikkje samsvarer med interessene til oppdragsgivar. Dette kan skape utfordringar når det gjeld val og prioriteringar, og det er ikkje ønskeleg verken for deg som konsulent eller for oppdragsgivar.

Som profesjonell konsulent har du ansvar for å unngå å hamne i interessekonfliktar. Dette kan til dømes gjerast gjennom å be ein annan konsulent overta eit oppdrag dersom du opplever ein interessekonflikt. På denne måten førebygger du at slike konfliktar utviklar seg til eit problem.

Døme på interessekonfliktar
  • Sjå for deg at du skal rettleie oppdragsgivar om korleis dei bør bruke delar av marknadsføringsbudsjettet sitt for å promotere produkt for auka sal. Du har, basert på kunnskap og erfaring, eit godt grunnlag for å tilrå kva dei bør gjere. Samtidig veit du at ein kamerat jobbar i eit firma som sel konkurrerande produkt, og du ønsker ikkje å bidra til at arbeidsgivaren til kameraten opplever hardare konkurranse og mindre sal.

  • Tenk deg at du får innsyn i eit produkt som oppdragsgivaren din sel, og som er heilt avgjerande for suksessen og eksistensgrunnlaget dykkar. Du får òg innblikk i at delar av produksjonsprosessen har ein alvorleg negativ påverknad på naturen. Det er ikkje ulovleg det som blir gjort, men det har likevel konsekvensar som ikkje er bra for miljøet. Du opplever dette som vanskeleg fordi produksjonsmetoden strir mot ditt eige miljøengasjement. Samtidig veit du at din eigen arbeidsplass er avhengig av at du gjer ein god jobb for oppdragsgivaren din, og gode resultat er òg viktig for karrieren og CV-en din.

Det sosiale livet til bedrifta

Det kan vere lurt å tenkje gjennom kva grenser du skal ha i rolla di som konsulent. Dette kan til dømes handle om kor tett du skal omgåast medarbeidarar hos oppdragsgivar, og på kva måte du skal delta i det sosiale livet til bedrifta.

Kanskje kjem du i ein situasjon der du må ta avgjerder som kan vere negative og få store konsekvensar for ein tilsett. Då kan du lettare hamne i ein lojalitetskonflikt dersom de ikkje berre jobbar saman og har eit profesjonelt jobbforhold, men òg omgåst på fritida og har vorte nære venner.

Ungdommar som drikk coca cola på ein utestad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samtidig kan det å bli kjend utover det som skjer innanfor reint faglege, profesjonelle rammer bidra til tettare relasjonar som igjen skaper lojalitet og tryggleik. Tryggleik gir gode rammer for betre samarbeid, tettare dialog, høgare lojalitet og lågare terskel for å seie frå ved usemje. Det kan gjere det lettare for deg å gi innspel til betre løysingar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Anders Koppang-Grønn. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022

Læringsressursar

Partane i arbeidslivet