Hopp til innhald

Fagstoff

Visualisering

Visualisering handlar om å gjere idear og prosjekt synlege for andre. Det kan du gjere både manuelt og digitalt. Industridesignaren Bård Eker fortel om kva det er viktig å tenkje over når du skal formidle eit produkt eller vise korleis du ser føre deg prosjektet ditt.

Når du skal vidareutvikle ein idé for produksjon, må du konkretisere han og gjere han synleg. Du må visualisere han slik at han blir mest mogleg forståeleg og interessant for oppdragsgivarar, kundar, brukarar, produksjonsmedarbeidarar, investorar og andre som kan vere aktuelle for den vidare prosessen.

To personar vurderer ein prototyp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visualiseringa er ein viktig del av produktutviklinga, og ho kan ha fleire verknadar:

  • Du vil kunne forbetre ideen din i sjølve visualiseringsprosessen
    – kanskje også få nye idear.
  • Du vil få eit klarare bilete av korleis sjølve produksjonsprosessen kan eller må bli.
  • Kanskje må produksjonen bli delt opp, og du må konkretisere dei ulike delane.
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2019

Læringsressursar

Design