Hopp til innhald

Fagstoff

Eit historisk tilbakeblikk på industridesign

Industridesignarar vart ei ny yrkesgruppe i løpet av 1900-talet. Dei skulle utforme produkt som både var føremålstenlege og attraktive for brukaren.

Industridesign

Dei første industridesignarane finn vi i USA i 1920-åra. Då vart det viktig å tilpasse seg ulike motebølger og gi eigne produkt ein fordel i forbrukarmarknaden.

Industridesignarane jobba innenfor fleire område. Nokon utvikla kvardagsprodukt som vart produserte i store seriar som briller, bestikk, lamper, støvsugarar, tannbørster, radio- og fjernsynsapparat og ikkje minst bilar. Andre utforma produkt for profesjonell bruk, som jordbruksreiskapar, gaffeltruckar, ulike typar handverktøy og produksjonsmaskinar. Ei siste gruppe jobba med utforming av gode offentlege rom.

Restaurantvogn på toget. Borda har kvite dukar, og menneska er pent kledde i dress og kjolar. Foto i svartkvitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokon av pionarane

Internasjonalt er det særleg tre namn som blir framheva når det gjeld utviklinga av industridesign som ein eigen profesjon.

Peter Beheren

Peter Beheren var ein tysk arkitekt og kunstnar som hadde arbeidet sitt ved AEG-fabrikkane på byrjinga av 1900-talet. Han var altmoglegmannen som teikna fabrikklokala, konstruerte produksjonsmaskinar, designa dei produkta maskinane skulle lage og trykksakene som skulle hjelpe til med å selje dei. Omgrepet bedriftsprofil (corporate identity) blir tilskrive han.

Raymond Loewy

Blyantspissar i sølv med sveiv på i ein monter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Raymond Loewy var ein fransk ingeniør som var aktiv i USA på midten av 1900-talet. Han vart kjend for å omforme produkta slik at dei både vart meir funksjonelle og vakrare. Dermed fekk dei også ein større salsappell. Han fekk blant anna store oppdrag innanfor transportindustrien, og nyteikna både bilar, tog og fly. Han var ein stilistisk meister, og omgrepet stilutvikling (putting on style) blir tilskrive han.

Henry Dreyfuss

Henry Dreyfuss var utdanna scenograf, og var særleg oppteken av dei brukarfunksjonelle sidene ved produkta. Han må kunne seiast å vere opphavet til fagemnet ergonomi i designfaget. Eit område som ikkje minst fekk sterkt fotfeste i dei sosialdemokratiske skandinaviske landa på 1970-talet.

Nokre designikon

Kva slags produkt kan så karakteriserast som typiske designikon? Det er så mange at vi her berre kan nemne nokre ganske få, men du har sikkert dine favorittar som du kan undersøke historia til nærmare. La oss starte med Raymond Loewy og blyantspissaren hans frå 1933, som ser ut som om han er utvikla i ein vindtunnel, med dei same formene som seinare prega bilane, flya og toga hans. Av Henry Dreyfuss' allsidige arbeid kan nemnast John Deere-traktorens A- og B-modellar frå 1938. John Deere er eit av USAs eldste firma, etablert i 1837 av smeden John Deere i Vermont. Hundre år seinare hentar firmaet inn den kjende New York-designaren for å gi traktorane sine ei ny utforming for å auke konkurransekrafta i marknaden.

Vespa

Mintgrønn Vespa frå 1950 med kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eller vi kan nemne Enrico Piaggio som i eit Italia øydelagt av krigen overtok ein utbomba flyfabrikk av far sin. Han gav flyingeniøren Corradino D'Ascanio oppdraget med å utvikle eit motorisert framkomstmiddel på to hjul som italienarane kunne ha råd til å kjøpe. Historia vil ha det til at då Enrico Piaggio fikk sjå prototypen, utbraut han: "Men det er jo ein veps!" I april 1946 vart dei første ferdige Vespa-scooterane sende ut på marknaden, og vart straks ein stor suksess. Ein veps heiter naturlegvis Vespa på italiensk.

Lego

Legoklosser i ulike fargar strødde utover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endå meir utruleg er historia til den jyske snikkaren Ole Kirk Christiansen, som i dei tronge tidene i mellomkrigstida begynte å lage minimodellar av dei tinga han skulle lage i full storleik for kundane i Billund og distriktet omkring. Det førde til etablering av ei bedrift for produksjon av leiketøy i tre, Lego (leg godt).

I 1949 starta produksjonen av små bitar i plast (celluloseacetat), som kunne setjast saman og takast frå kvarandre. Patentet vart ytterlegare forbetra i 1958, og dermed var grunnlaget lagt for LEGO-klossane.

Ericofonen

Eit av dagens viktigaste industrielle design-produkter er mobiltelefonen. Mens dei enno berre brukte fasttelefon, utvikla industridesignaren Ralph Lysell i 1956 for LM Ericsson Ericofonen, eit av modernismens verkelege designikon.

Fire telefonar i ulike fargar utstilte på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Anne Ely Thornefeldt. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Design