Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fasar i designprosessen

To industridesignarar fortel om korleis dei deler designprosessen inn i ulike fasar. Korleis kan de overføre dette til yrket de har valt?
Piler i ulike fargar som viser ei rekkefølgje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve:

Vel eit yrke som yrkesretninga di kan føre til. Sett dykk saman i grupper på 2–3 elevar som har valt same yrke, og diskuter:

  1. Korleis jobbar de med design i yrket de har valt?
  2. Arbeidsprosessen startar som regel med eit oppdrag eller ein idé. Sjå korleis industridesignarane, Stein-Fredrik Fossum og Bård Eker, beskriv sine designprosessar i filmane under. Diskuter om noko av dette kan overførast til yrket de har valt. Kva meiner de er viktig for å levere eit bra produkt eller teneste i yrket dykkar?
  3. Lag ein modell som oppsummerer kva for fasar de går igjennom i designprosessen i yrket de har valt.

Stein-Fredrik Fossum fortel om sin prosess som industridesignar

Bård Eker fortel om designprosessar i Eker design

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019

Læringsressursar

Design