Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Disseker ei bille

Disseker ei bille, og bli kjend med korleis biller og andre insekt løyser livsprosessar som gassutveksling, fordøying, transport og utskiljing.
Skjermbilete av spelside om dissekering av biller. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik bruker du simuleringa

Bruk verktøya i menyen øvst til å skjere opp, lime saman, zoome ut og inn, velje og flytte.

Verktøy i spelet "beetle dissection"
EngelskNorskForklaring
scalpelskalpellKlikk på ein del av billa for å dissekere ho.
gluelimKlikk på ein del av billa for å setje tilbake delar.
zoom inzoom innKlikk på eit område for å forstørre det.
zoom outzoom utKlikk på eit område for å zoome ut.
inspectundersøkKlikk på eit område for å få meir informasjon.
moveflyttKlikk og dra for å flytte deg.
centersentrerBiletet av billa blir sentrert.
resetoppdaterDisseksjonen startar frå byrjinga igjen.
Ordliste – kroppsdelar hos insekt
EngelskNorsk
headhovud
thoraxbrystparti
abdomenbuk
eyeauge
antennae

antenner

elytrondekkveng
protonumryggplate
air sacluftsekk
oesophagusmatrøyr
digestive tractfordøyingskanal
testestestiklar
malpighian tubesmalpighiske røyr
ovaryeggstokk
coxahofte
femurlårbein
tibiaskjenebein
tarsusfotrot
fat bodyfeittlekam

Disseker ei bille

De skal dissekere og undersøke hann- og hobiller frå slekta Mecynorrhina. I Noreg har vi ei gruppe biller som heiter gullbassar, og dei høyrer til denne slekta.

Glinsande, grønt insekt med vifteforma antenner og bein med klør. Foto.

Gå til Beetle Dissection (engelsk) for å starte disseksjonen.

Filene under kan vere nyttige å bruke. Skriv ut, og bruk dei til å teikne og notere på undervegs.

Filer

Oppgåve 1. Observasjonar mens du dissekerer

  1. Forsøk å finne følgande delar i billene:

    • flygemusklar

    • musklar i beina

    • hjerne

    • auge

    • hjarte

    • fordøyingskanal

    • testiklar

    • venger

    • dekkvenger

    • spiraklar (opningane til )

    • luftsekkar

    • feittlekam

  2. Forma til ein kroppsdel heng ofte saman med funksjonen han har. Vel tre av kroppsdelane frå lista over, og forklar kva samanheng det er mellom forma og funksjonen til kroppsdelen.

  3. Kva for nokre ytre strukturar skil hannen og hoa frå kvarandre? På kva måte er strukturane ulike?

  4. Kva for nokre indre strukturar skil hannen og hoa frå kvarandre? På kva måte er strukturane ulike?

  5. Gi ei forklaring på kvifor det er nokre ytre og indre strukturar som er ulike hos hannar og hoer.

  6. Hos mange dyr føretrekker hoene hannar som har bestemde trekk. Er det nokon av trekka hos hannen som har som funksjon å tiltrekke seg hoer, trur du?

Oppgåve 2. Utvendig skjelett

  1. Studer dekkvengene (elytra) og vengene til billene. Kva delar blir brukte til å flyge, og kva fungerer som beskyttelse?

  2. Billene har hår mange stader på utsida av kroppen. Kva funksjon har desse håra?

  3. Kvar finn vi dei mjuke og dei harde delane av det ytre skjelettet til billene? Kvifor består skjelettet av både mjuke og harde delar?

Oppgåve 3. Sansar

  1. Beskriv korleis auga til billa ser ut. Finn ut korleis auga verkar. Kva fordelar har billa av å ha slike auge, samanlikna med den typen auge vi menneske har?

  2. Kva er gangliar? Kor mange gangliar har biller?

  3. Undersøk hjernen. Kva heiter dei tre hovudområda i hjernen? Kva oppgåver har dei? Kva for nokre sensoriske organ får dei informasjon frå?

Oppgåve 4. Gassutveksling

  1. Kva delar består respirasjonssystemet til billa av?

  2. Kvifor finst det trakéar og luftsekkar gjennom flygemuskulaturen og beinmuskulaturen?

  3. Kva er forskjellen på oksygentransporten hos biller og menneske?

  4. Kva trur du er grunnen til at desse billene treng så mange luftsekkar? Og kvifor har luftsekkane ulik storleik?

Oppgåve 5. Musklar og bevegelse

  1. Korleis bruker biller musklane til å bevege beina?

  2. Korleis bruker biller musklane til å slå med vengene?

  3. Musklane som går langs ryggsida, er ikkje festa til vengene. Men når desse musklane trekker seg saman, blir vengene pressa ned. Forklar korleis dette er mogleg.

Oppgåve 6. Transport og sirkulasjon

  1. Blodet hos insekt blir kalla . Kan du sjå noko hemolymfe når du dissekerer? Samanlikn blodet hos insekt og menneske, og finn likskapar og forskjellar.

  2. Nokre organ har mange funksjonar. Finn ut kva funksjonar feittlekamar har i desse billene (og andre insekt).

Oppgåve 7. Fordøying

  1. Undersøk munndelane til billa. Viss du tek utgangspunkt i utsjånaden til munndelen, kva slags type mat trur du desse billene et?

  2. Samanlikn fordøyingskanalen hos insekt og menneske, og peik på likskapar og forskjellar. Finn kjelder på nett.

  3. Kva funksjon har dei malpighiske røyra? Kva organ hos oss menneske svarer dei til?

Oppgåve 8. Anatomi

  1. Har du lagt merke til at nokre insekt kan gå og flyge sjølv etter at dei har mista hovudet sitt? Korleis kan vi bruke oppbygginga av nervesystemet hos insekt til å forklare dette?

  2. Nokre insekt overlever at vi knipsar på dei. Det er ganske utruleg med tanke på kor stor kraft som verkar på insektet. Korleis kan oppbygginga til eit insekt brukast til å forklare korleis dette er mogleg?
    Les artikkelen "Hvordan kan insekter overleve et knips?" på forskning.no

Filer

Oppgåve 9. Livsprosessar hos insekt og menneske

  1. Bruk teikninga av ei dissekert bille. Vel ein livsprosess, og fargelegg organa som bidreg til denne livsprosessen, i same farge.

  2. Forklar korleis dei enkelte organa verkar saman og fungerer som eitt system i billa.

  3. Samanlikn denne livsprosessen med tilsvarande livsprosess hos menneske.

    • Kva likskapar og forskjellar finst det?

    • Kva ville skje med billa viss denne funksjonen slutta å verke? Forklar.

  4. Korleis kan det å studere anatomi og fysiologi hos insekt vere nyttig for oss menneske?

  5. Tabellen nedanfor inneheld ei rekke oppgåver som kroppane til både insekt og menneske må løyse. Finn ut korleis insekt og menneske løyser desse oppgåvene. Peik på likskapar og forskjellar.

Livsprosessar i insekt og menneske
FunksjonInsektMenneske
Halde kroppen oppreist
Ventilering
Oksygentransport
Nervesystem
Hjarte
Utskiljing
Syn
Lukt
Smak

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av Beetle Dissection Activity frå Ask a Biologist.

Relatert innhald

Mange dyr har fascinerande sansar som er spesielt tilpassa levesetta og miljøa deira. Dei kan registrere signal som menneske ikkje oppfattar.

CC BY-SASkrive av © Arizona Board of Regents / ASU Ask A Biologist. og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2022

Læringsressursar

Samansette oppgåver