Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Plantelabyrint

Kor mykje kan du om plantar? Dei inntok landjorda for over 450 millionar år sidan. Det er produsentane som gir grunnlag for livet på jorda slik vi kjenner det i dag. Bli med på ein spelrunde, og lær meir om plantane som gir oss mat, klede, husly og oksygenet som vi pustar inn!

Plantespel med kodar

Plantelabyrinten er bygd opp som eit kodekammer der du reiser gjennom ulike landskap. For å komme vidare frå eit landskap til det neste må du løyse alle oppgåvene i det landskapet du er i.

På vegen gjennom landskapa får du repetert mykje av det du har lært om plantar, og kanskje du lærer noko nytt også?

I tilfelle du må forlate labyrinten før du er ferdig, er det lurt å notere kodane etter kvart.

Relatert innhald

Frøplantene består av hovuddelana rot, stengel og blad som har kvar sin hovudfunksjon. Dei har også reproduktive skot som blomstrar eller kongler.



CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2023

Læringsressursar

Samansette oppgåver