Formeiring hos algar, mosar og karsporeplantar - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Formeiring hos algar, mosar og karsporeplantar

Algar, mosar og karsporeplantar kan formeire seg både kjønna og ukjønna. Kjønna formeiring gir opphav til sporar. Desse veks opp til nye plantar, som i sin tur kan lage kjønnsceller. Ukjønna formeiring kan mellom anna skje ved hjelp av fragmentering, jordstenglar og yngleknoppar.

Algar

Algar er plantar som hovudsakleg lever i vatn. Dei er avhengige av vatn gjennom heile livsløpet, også når dei skal formeire seg.

Kjønna formeiring

Dei aller fleste algane har kjønna formeiring og vekslar mellom ein og ein fase. Denne typen kjønna formeiring finn vi hos alle landplantar, og formeiringa til algane dannar eit viktig grunnlag for å forstå overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land.

Generasjonsveksling hos havsalat

Generasjonsveksling hos havsalat omfattar to stadium. Planten som lagar sporar, og planten som lagar kjønnsceller, ser like ut. Dette blir kalla isomorf generasjonsveksling (iso- betyr lik, -morf betyr form). Sporeplanten produserer haploide ved meiose. Desse veks og blir til kjønnsplantar som produserer kjønnsceller ved mitose. Kjønnscellene ser like ut, men dei må kome frå ulike individ for at befruktinga skal bli vellykka. Den diploide utviklar seg til ein diploid sporeplante.

Isomorf generasjonsveksling

Generasjonsveksling der dei to stadia – sporeplanten og kjønnsplanten – har lik utsjånad.

Heteromorf generasjonsveksling

Generasjonsveksling der dei to stadia – sporeplanten og kjønnsplanten – ser ulike ut.

Ukjønna formeiring

Nokre algar er eincella og formeirar seg ukjønna ved vanleg celledeling. Større fleircella algar kan formeire seg ukjønna ved av plantedelar.

Mosar

Mosar er små plantar. Dei kan ta opp mykje vatn, men toler òg å tørke heilt opp. Dei er viktige produsentar i økosystem der mange andre typar plantar ikkje veks så godt, spesielt i myrområde og i fjellet.

Kjønna formeiring

På den grøne kjønnsplanten blir det danna fleircella kjønnsorgan. Dei holege og hanlege kjønnsorgana blir utvikla anten på ulike stader på same plante, eller på ulike plantar. Dei hanlege kjønnscellene er avhengige av vatn for å kunne bevege seg bort til ei eggcelle. Befruktinga skjer i det holege kjønnsorganet, og det blir danna ein diploid zygote. Den diploide zygoten veks opp til ein sporeplante.

Sporeplanten er fest til kjønnsplanten og får vatn og næring frå denne gjennom livsløpet. Stilken til sporeplanten løfter sporehuset opp, slik at sporane får eit betre utgangspunkt for spreiing. Haploide sporar blir danna ved meiose og blir hovudsakleg spreidde med vind i tørt vêr. Ein spore spirer og blir til ein forgreina celletråd. Frå denne veks ein ny grøn kjønnsplante. Slik blir livssyklusen fullført.

Avhengigheit av vatn

Den kjønna formeiringa hos mosar er avhengig av vatn. Derfor finn vi ofte mosar i fuktige miljø. Mosane toler likevel å tørke heilt ut og kan kvikne til og ta opp att livsfunksjonane ved ny tilgang på vatn. Sporane kan òg spire fleire år etter at dei er spreidde.

Ukjønna formeiring

Mange mosar formeirar seg ukjønna, og hos enkelte blir det sjeldan danna sporeplantar. I arktiske, alpine og tørre strøk er det vanleg at delar av mosen kan losne og spreie seg ved fragmentering. Hos nokre mosar fell blad- og skotspissar eller sidegreiner av. Desse kan vekse opp til sjølvstendige individ. Andre mosar har små skåler på overflata med som kan spire til nye moseplantar.

Karsporeplantar

Karsporeplantane formeirar og spreier seg ved hjelp av sporar. Sporeplanten er den dominerande fasen i generasjonsvekslinga, mens kjønnsplanten er ein liten, kortliva og sjølvstendig plante.

Generasjonsveksling

Generasjonsveksling hos alle karsporeplantar følgjer det same grunnmønsteret. Vi bruker bregnen sisselrot som døme:

Sporeplanten hos sisselrot har sporehus på undersida av blada. Desse er samla i sporehushopar. Haploide sporar blir produserte ved meiose og spreidde med vinden når sporehusa sprekk opp.

Spora spirer til ein liten, hjarteforma kjønnsplante med både hanlege og holege kjønnsorgan på undersida. Desse produserer hanlege og holege kjønnsceller ved mitose. Den hanlege kjønnscella er avhengig av vatn for å bevege seg over til eggcella. Den befrukta eggcella, ein diploid zygote, veks og blir til ein ny sporeplante ved gjentekne mitosar. Kjønnsplanten visnar vekk.

Visste du at …

Sisselrot unngår sjølvbefrukting ved at sædceller og eggceller på same kjønnsplante modnast til ulik tid, eller ved at det blir skilt ut eit hormon som hemmar sjølvbefrukting.

Ukjønna formeiring

Kråkefotplantar kan formeire seg ukjønna. Hos lusegrasslekta finn vi ofte i bladhjørna. Sneller, kråkeføter og mange bregnar dannar dessutan , som kan bli til nye individ dersom dei blir brotne av.

Sporane til kråkefotplantane (Lycopodium) brenn eksplosivt viss vi kastar dei opp i lufta over ein flamme. Tidlegare blei dette mellom anna brukt som ei erstatning for blits når ein skulle ta bilete. Det var (og er framleis!) også populært å bruke som overraskingsmoment i trylleshow og liknande. Sporane blir selde under namnet heksemjøl eller lycopodiumpulver. Video: Science Photo Library / CC BY-NC-SA 4.0
Skrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022