Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Disseksjon av torsk

Dyr som lever under vatn, har mange tilpassingar som landdyra ikkje har. I denne disseksjonen skal du lære om nokre av desse tilpassingane og andre trekk ved den ytre morfologien og den indre anatomien til fisken.
Torsk i havet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innleiing

Torsk (Gadus morhua) er ein fiskeart i torskefamilien i klassen beinfisk. Til liks med mange av dei andre beinfiskane har torsken utvikla ei symjeblære som han kan bruke til å skape oppdrift i vatn. Symjeblæra blir regulert ved hjelp av gasskjertlar. Gassen er oftast oksygen (med spor av karbondioksid), andre gonger hovudsakleg nitrogen.

Gjellene er respirasjonsorganet til fisken. Her får han nok oksygen ved hjelp av . Å skilje ut salt er òg ei av oppgåvene til gjellene. Utskiljing av salt skjer òg ved utskiljing av urin.

Denne disseksjonen kan gjennomførast med dei fleste andre artar, men fordelen med å bruke torsk er at han er relativt stor, og det er derfor lett å finne dei fleste organa.

Hensikt

I denne disseksjonen skal du lære om den ytre morfologien og den indre anatomien til fisken. Undervegs i instruksjonen vil du få nokre spørsmål som du kan diskutere saman med andre elevar i klassen.

Film som viser disseksjon av torsk (28:39)

Før du skal dissekere, tilrår vi at du ser denne filmen som førebuing. Rekkefølga på disseksjonen i filmen er den same som rekkefølga i instruksjonane lenger ned.

Ytre morfologi

Målingar

  1. Bruk eit måleband, og finn desse måla på fisken: totallengde, standardlengde og hovudlengde.

  2. Når kan det vere viktig å ha klart definerte mål av fisk?

Torsk med pilar som viser kvar ein skal måle for å måle totallengde (snute til enden av halefinnen), standardlengde (snute til rota av halefinnen) og hovudlengde (snute til gjellene). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikn ei skisse

Lag ei skisse av fisken før de opnar han, og set namn på dei ulike kroppsdelane.

Skjeggtråden

  1. Finn skjeggtråden.

  2. Kva er funksjonen til denne?

Strålefinnane

Finn desse strålefinnane:

  1. para finnar

    1. brystfinnar

    2. bukfinnar

    Kvar ligg bukfinnane i forhold til brystfinnane?

  2. mediale para finnar (mediale: i midten)

  3. analfinnar

  4. halefinne

Sidelinjeorganet

  1. Finn sidelinjeorganet.

  2. Kva funksjon har sidelinjeorganet?

  3. Bruk ein skalpell og skjer ut ein bit av sidelinjeorganet.

  4. Bruk lupe til å studere sidelinjeorganet.

Munnen

  1. Opne munnen til fisken.

  2. Studer

  • tennene i kjevebogen

  • tennene i ganen

  • svelgtennene

Gjellelokka

  1. Finn gjellelokka.

  2. Kva er gjellelokka laga av?

  3. Kor mange par gjellebogar har fisken?

  4. Klipp ut eit lite segment av gjellebogen og studer det i lupa.

  5. Finn du parasittar på gjellene? (Tips: Sjå e-forelesing om parasittar.)

  6. Kva er årsaka til den sterke oppdelinga av gjelleblada?

  7. Kvifor er gjellene raudfarga?

Gattopninga

  1. Finn gattopninga.

  2. Kva tre funksjonar har gattopninga?

Ovalar som dannar eit mønster som minner om eit fingeravtrykk. Der strekane er tettast, er det pilar til vintrar fisken har levd, frå første til sjette vinter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skjel

  1. Bruk ein skalpell til å skrape av nokre av skjela på fisken.

  2. Studer skjela i mikroskop. Kan du sjå årringar (vekstsoner)?

Huda

  1. Ta av eit lag av huda.

  2. Kan du sjå at muskulaturen er delt opp i øvre og nedre del av fisken?

  3. Den farga delen i midten blir kalla raud muskulatur. Det er denne muskulaturen fisken bruker når han sym.

Indre anatomi

Bukhola

  1. Opne bukhola forsiktig. Lag eit snitt fram til 0,5 centimeter føre gattet. Klipp mellom bukfinnane og i huda framover.

  2. Gå bakover, men klipp/skjer rundt gattopninga. Du vil kjenne det med saksa når du er heilt bak. Det held å gjere dette med den eine sida som skal peike opp.

  3. Skil skulderbogane med ei saks.

  4. No kan du klippe bort bukholeveggen frå gjeller til skulderbogen og langs oversida av bukhola.

  5. No er heile bukhola eksponert. Er hjartesekken/hjarteposen framleis der?

Hjartet

  1. Finn hjartet.

  2. Skjer forsiktig over gjellelokksambandet på buksida, og skjer laus hjartet. Del hjartet med skalpell, og finn forkammer og hjartekammer.

    1. Korleis er veggtjukkleiken i kammera?

    2. Kvifor er veggtjukkleiken i hjartekammeret størst?

Fordøyingsorgana

  1. Finn svelget og fordøyingskanalen, og mål lengda på begge delar.

  2. Klipp opp fordøyingskanalen og sjekk innhaldet. Finn du matrestar? Parasittar? Legg eventuelle parasittar i ei skål med saltvatn, og studer dei.

  3. Finn levra. Kan du sjå at ho er delt opp i leverlappar? På den eine leverlappen skal du kunne finne ei grøn galleblære.

  4. Bukspyttkjertelen ligg mellom kransar som er starten på tynntarmen, men er vanskeleg å finne. Kvifor er denne kransen, som er del av fordøyingssystemet, så sterkt forgreina?

Kjønnsorgana

  1. Finn gonadane/kjønnskjertlane.

  2. Er fisken ein hanne eller ei hoe? Kan du sjå kor gonadane leier ut av fisken?

Symjeblæra

  1. Korleis ser symjeblæra ut?

  2. Når du finn ho, kan du snitte ho opp. Kan du finne eit raudfarga område? Dette er gasskjertelen. Kva er funksjonen til denne?

Nyrene

Finn nyrene på fisken.

Hovudet

Auga

  1. Ta ut eit auge, klipp det opp og finn den gjennomsiktige linsa.

  2. Hald linsa med pinsett, og les teksten i avisa gjennom linsa.

Lukteorgana

  1. Skjær hovudet frå resten av kroppen og studer snittet. Finn ryggvirvel, ryggstreng og nerverøyret med ryggmergen.

  2. Finn luktegropene.

Hjernen

  1. Klipp og skjer opp fiskehovudet frå ei linje mellom auga og bakover på begge sider av hovudet.

  2. Skrap vekk fiskekjøttet så skallen blir synleg.

  3. Klipp med kraftig saks gjennom skallen framme, og vipp opp denne delen.

  4. Under dette lokket ligg hjernen, som er delt inn i ulike delar. Finn dei ulike delane ved å samanlikne med bileta frå Miljølære.no. Finn òg luktenervane og synsnervane.

Skjel-liknande beinstruktur med ovale felt som dannar annakvart lyse og mørke felt. Det er fem mørke felt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øyresteinane

  1. Bruk pinsett og skalpell og finn øyresteinane som ligg på begge sider av hjernen på høgde med veslehjernen og litt lågare. Pirk ut ein øyrestein. Sjå på han i lupa.

  2. Kva informasjon kan vi få frå øyresteinane? Kva er funksjonen? Kva kan dei brukast til?

Kjelder

Tandberg. C & Vidnes, B. (u.å.). Disseksjon som metode. Forslag til praktiske øvelser i biologi 1. Skolelaboratoriet i biologi. UiO og Naturfagsenteret. Henta 20. mai 2023 frå https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/ressursarkivet/kompendier/disseksjon-som-metode.

Åbro, A. (2022, 8. mars). Svømmeblære. I Store norske leksikon. https://snl.no/sv38mmebl%C36re

Relatert innhald

Osmoregulering dreier seg om å bevare vassbalansen og konsentrasjonen av løyste stoff. Korleis dyr løyser dette, avheng av miljøet dei lever i.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2023

Læringsressursar

Samansette oppgåver