Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve om digitalisering

Les fagstoffet om digitalisering og om analoge og digitale signal før du jobbar med oppgåvene.
Eit analogt signal er vist som ei jamn bølgje som bølgjar bortover. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver


  1. Kvar kjem omgrepet digital frå, og kva betyr det?
  2. Kva er fordelane og ulempene med analoge signal?
  3. Kva er fordelane og ulempene med digitale signal?
  4. I fagstoffet vart einingane DAC og ADC nemn.t Gjer søk og finn meir informasjon om desse og skriv eit par linjer om kvar eining og kva dei gjer.
  5. Skriv nokre eksempel på kvar du meiner omgrepa digital og digitalisering ville passe godt inn. Beskriv kvifor du meiner det passar.

Ekstraoppgåver

  1. Digitalisering av lyd vart skildra som eit eksempel i teksten om digitalisering. Skriv ein kort tekst der du skildrar stega for korleis digitalisering av bilete eller video fungerer.
  2. Beskriv kva for oppgåver Digitaliseringsdirektoratet skal gjere og trekk inn prosjekt dei har vore med på.
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020

Læringsressursar

Analogt og digitalt