Hopp til innhald

Fagstoff

Grunneiningane bit og byte og konvertering mellom prefiks

Binære tal er sentrale når vi skal beskrive filstorleikar og overføringshastigheit. Vi bruker ulike måleiningar og storleikar, Sl-prefiks, alt etter samanhengen.
Rekkjer med binære tal som går gjennom ei datamaskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunneiningane bit og byte

I totalsystemet i det binære talsystemet har vi dei to grunntala 0 og 1. Ei eining av desse kallar vi ein bit, og det forkortar vi med liten b. For å kunne lagre informasjon som bokstavar binært treng vi å setje fleire bit saman. Åtte bit (alle kombinasjonar mellom 00000000 til 11111111) gir oss 256 ulike kombinasjonar. Dette er nok til å beskrive ein enkelt bokstav.

Data vart lenge sorterte i grupper på åtte bit, og dette vart kalla ein byte, som vi forkortar med stor B. For lagring av data vart det vanleg å gi storleiken i byte, mens overføringshastigheit framleis vart gitt i bit. Dette gjer at vi har to ulike måleskalaer i bruk, og vi må gonge eller dele på åtte for å konvertere mellom dei.

Storleikar (SI-prefiks)

SI-systemet, det internasjonale einingssystemet, er eit sett med reglar som definerer einingar vi bruker når vi gjer målingar av fysiske fenomen. Til dømes definerer SI-systemet kor lang ein meter er, kor tungt eit kilogram er, eller kor langt eit sekund skal vere. Noreg og dei fleste land bruker i dag SI-systemet. Nokre land, som USA, og enkelte fagområde bruker endå eldre standardar som fot, miles og pounds, men desse er som oftast definerte ut frå SI-systemet.

Tida før felles målestandardar

Vi er vande til at dei fleste bruker dei same målestandardane. Kjøper du eit kilo med godteri i Indonesia, er det heilt naturleg at vekta heime òg viser at godteriet veg ein kilo. Dette har ikkje alltid vore tilfellet.

Tidlegare hadde land og regionar sine eigne målestandardar som vart kalibrerte ut frå lokale fysiske standardar. Det kunne derfor vere komplisert å konvertere mellom målesystema. Det hjelpte heller ikkje at mange av standardane brukte dei same namna eller veldig like namn og likevel hadde ulik vekt eller lengde.

Kan du til dømes finne ut kor mykje fire svenske "stenar" er i norske unser?

SI-systemet gir oss grunneiningane vi bruker til målingar. Det gir oss òg eit sett med forstavingar som vi kan bruke når vi har mange av ei eining eller berre ein liten del av ei eining. Vi kallar desse forstavingane for SI-prefiks, og vi bruker tiarpotensar mellom kvart prefiks.

Vi kan til dømes seie at eit tau er 2 000 meter langt. Det er ikkje noko gale i å seie 2 000 meter, men det er ofte enklare å bruke SI-prefikset kilo slik at vi gir lengda i kilometer. Dermed blir 2 000 meter til 2 kilometer, som vi vidare kan forkorte til 2 km.

Innan data bruker vi SI-prefiksa mykje då grunneininga (bit) er ei veldig lita eining, og det er upraktisk å gi storleikar eller hastigheit i trillionar av bit. Under er dei SI-prefiksa som vi bruker innan IT.

10n

Prefiks

Forkorting

Desimaltal

1015

peta

P

1 000 000 000 000 000

1012

tera

T

1 000 000 000 000

109

giga

G

1 000 000 000

106

mega

M

1 000 000

103

kilo

k

1 000

100

1

Det er til dømes veldig vanleg å gi hastigheita på eit internettsamband i tal på megabit per sekund (Mbit/s) som blir overført. Lagringskapsiteten til ein harddisk er som oftast gitt i storleiken gigabyte (GB).

I animasjonen under ser du døme på utrekningar mellom bit og byte når det same prefikset blir brukt. Du vil òg sjå utrekningar mellom bit og byte der ulike prefiks er i bruk.

Kort samandrag av animasjonen bit og Byte

Animasjonen viser korleis ein byte er bygd opp av åtte bit. Vidare blir det vist nokre døme på omrekning mellom kilobit til kilobyte og mellom gigabyte og megabit. Utrekning mellom prefiks og mellom bit og byte må gjerast for å kome til endeleg svar.

SI-prefiks (1 000) og binærprefiks (1 024)

Digital teknologi er bygd på binære tal (totalsystemet). På grunn av dette er det naturleg å bruke toarpotensar i utrekning av prefiksa. Dette var veldig vanleg tidlegare og blir endå brukt nokre stader. Med toarpotens vart ein kilobit definert som 1 024 bit og ikkje 1 000 bit, som er måten vi bruker kiloprefikset på elles, når bruker vi tiarpotens. Ein forskjell på 24 verkar ikkje så mykje, men sidan verdien blir gonga opp for kvart nytt prefikssteg, blir den prosentvise forskjellen større.

I tabellen under ser du talet på bit som blir brukt viss prefiksverdien er 1 000.

Talet på bit

Utrekning

SI-prefiks

1 000

1000 x 1

1 kilobit

1 000 000

1000 x 1000

1 megabit

1 000 000 000

1000 x 1000 x 1000

1 gigabit

1 000 000 000 000

1000 x 1000 x 1000 x 1000

1 terabit

I tabellen under er verdien 1 024 brukte for kvart prefiks.

Talet på bit

Utrekning

Binærprefiks

1 024

1024 x 1

1 kilobit

1 048 576

1024 x 1024

1 megabit

1 073 741 824

1024 x 1024 x 1024

1 gigabit

1 099 511 627 776

1024 x 1024 x 1024 x 1024

1 terabit

Som du kan sjå, vil den prosentvise forskjellen mellom talet på bit og kvart prefiks bli større jo høgare prefikset som blir brukt, er. Forskjellen mellom 1 000 og 1 024 er berre 2,34 prosent, mens når vi har kome til terabit, har forskjellen vorte 9,05 prosent.

For å rydde opp i dette vart det oppretta nye prefiks spesifikt for å ta omsyn til binære talsystem. Døme på desse er kibi, mebi, gibi og tebi. Dessverre er ikkje desse så vanlege, noko som gjer at vi i dag bruker både 1 000 og 1 024 for dei same prefiksa, avhengig av samanhengen.

Eit godt døme på dette er harddiskar. Produsentane gir som oftast storleiken på harddiskar i tiarpotens. Operativsystem som Windows på si side bruker toarpotens når dei gir storleiken på filer og partsisjonar.

For dine eigne utrekningar bør du nytte 1 000 viss du bruker SI-prefiksa (KB, MB, GB og så vidare). Viss du ønskjer å bruke 1 024, bør du bruke binærprefiksa (KiB, MiB, GiB og så vidare). Det er viktig at du set rett namn på desse.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020

Læringsressursar

Analogt og digitalt