Oppgåve
Oppgåver om hovudkortet og tilkoplingar
Jobb med hovudkortet og tilkoplingar på hovudkortet i desse oppgåvene.
- Kvifor blir hovudkortet ofte kalla for ryggrada til datamaskina?
- Forklar kva for nokre vanlege utvidingsmoglegheiter som er på eit hovudkort. Kva for nokre er vanlege på høvesvis stasjonære og berbare datamaskiner?
- Forklar kva eit brikkesett er, og kva det har med eit hovudkort å gjere.
- Skriv ned dei viktigaste standardiserte hovudkortstorleikane.
- Nemn minst tre einingar som får straum frå hovudkortet.
- Kva er UEFI og BIOS?
- Teikn opp eit hovudkort med komponentane sine. Teikn på eit ark eller bruk eit program på dataen din. Skriv namn på dei ulike delane.
- Kvifor er det viktig med standardiserte kommunikasjonsprotokollar og kontaktar i ulike komponentar som skal brukast i datamaskiner?
- USB-kontaktar har ofte ulike fargar. Kva betyr dei ulike fargane som oftast?
- Kvifor kan det fysiske oppsettet på hovudkortet til berbare datamaskiner variere ein del frå maskin til maskin?
- Nemn nokre tilkoplingsmoglegheiter som må vere på eit hovudkort.
- Nemn nokre tilkoplingsmoglegheiter som ikkje er nødvendige, men som kan brukast.
- List opp minst tre portar som går ut av ei datamaskin.
Relatert innhald
Fagstoff
HovudkortetHovudkortet koplar saman alle delane i datamaskina. Ulike merke og generasjonar med prosessorar vil krevje tilpassa hovudkort.
Fagstoff
Tilkoplingar på hovudkortetHovudkort koplar saman delane i pc-en ved hjelp av standardiserte kontaktar og kommunikasjonsmetodar. Dermed kan vi enkelt velje og byte delar i pc-en.