Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Oppsett av strøymeserver med VirtualBox

Rettleiing

Statistikk og andre verktøy for strøymeserver

Statistikk er viktig for feilsøking og for å få oversikt over tilstanden til strøymeserveren. Denne rettleiinga går gjennom oppsett av enkel statistikk over innkommande videostraumar og viser nokre enkle verktøy vi kan bruke, for å halde oversikt over ressursane i serveren.

Statistikk over innkommande videostraumar

Under er ei rettleiing som viser korleis du kan setje opp eit enkelt statistikkverktøy for RTMP-videostraumar som kjem inn til strøymeserveren.


Statistikken viser ikkje kor mange sjåarar som er tilkopla eller informasjon om serverbelastninga.

1. Kopiere statistikkskript og endre eigarskap

I strøymetillegget til Nginx følger det med eit enkelt statistikkskript som vi kan bruke.

cd /usr/share/doc/libnginx-mod-rtmp/examples/

Sjekk innhaldet i mappa.

ls

Følg instruksjonane i den ekspanderande boksen som stemmer overeins med kva du fann i dømemappa. Fila der er anten nedpakka (.gz) eller ikkje.

stat.xsl.gz (nedpakka)

Kopier den nedpakka fila til HTML-mappa di.

sudo cp stat.xsl.gz /var/www/html

Flytt plasseringa til HTML-mappa di.

cd /var/www/html

Sjekk innhaldet i mappa.

ls

Pakk ut fila.

sudo gzip -dk stat.xsl.gz

Sjekk rettane på filene i mappa.

ls -la

Gi "www-data"-brukaren eigarskap over den utpakka fila.

sudo chown -R www-data:www-data stat.xsl

Sjekk rettane på filene etter endring.

ls -la

stat.xsl

Kopier statistikkskriptet over til HTML-mappa di.

sudo cp stat.xsl /var/www/html

Flytt plasseringa til HTML-mappa di.

cd /var/www/html

Sjekk rettane på filene i mappa.

ls -la

Gi "www-data"-brukaren eigarskap over den utpakka fila.

sudo chown -R www-data:www-data stat.xsl

Sjekk rettane på filene etter endring.

ls -la

2. Tilpasse Nginx-konfigurasjon

Opne Nginx-konfigurasjon i editor.

sudo nano /etc/nginx/nginx.conf

Fjern dei to nedste sløyfeparentesane "}" i nginx.conf-fila, og kopier inn konfigurasjonen nedst i dokumentet.

Tillegg for statistikk
1#Tillegg for enkel statistikk
2location /stat {
3            if ($request_method = "GET") {
4                add_header "Access-Control-Allow-Origin"  *;
5            }
6            rtmp_stat all;
7            rtmp_stat_stylesheet /stat.xsl;
8        }
9        location /stat.xsl {
10            root "/var/www/html";
11        }
12        location /control {
13            rtmp_control all;
14        }
15    }
16}
17

Trykk tastane Ctrl + X for å gå ut av editoren. Stadfest lagring av endringane.

Restart Nginx for at ny konfigurasjon skal bli teken i bruk.

sudo systemctl restart nginx

Ved feil bruker du statuskommandoen under for feilsøking.

sudo systemctl status nginx

Bruk tastane Ctrl + Z for å komme ut av statusoversikta.

3. Teste statistikk

Gå til følgande adresse i nettlesaren for å teste om statistikksida no fungerer.

http://<IP-adresse>/stat

Ressursovervakingsverktøy

Linux kjem med ei rekke verktøy som lar oss overvake systembruken til serveren. Desse er ofte nyttige i feilsøking eller skalering av oppsett, til dømes viss det blir mange samtidige sjåarar.

htop – ressursovervaking ram og cpu

htop gir oversikt over prosessar som serveren køyrer, og kor mykje ressursar kvar enkelt og alle saman bruker. Det er nyttig for oppsett med transkoding av video eller annan bruk som belastar prosessoren til serveren kraftig.

htop (Crtl + Z for å gå ut av programmet)

bmon – overvake nettverksbruk

bmon er eit verktøy som lar oss overvake datatrafikken som går via nettverksskortet til serveren.

Nettverkskortet kan berre overføre ei viss mengde data i sekundet og eit vist tal på datapakkar i sekundet. Dette verktøyet lar deg få eit inntrykk av notilstanden.

Programmet er ikkje installert som standard i Ubuntu-server, men det går fort å få det på plass.

sudo apt install bmon

bmon (Crtl + Z for å gå ut av programmet)

(Bruk piltast opp og ned for å velje kva for eit av nettverksskorta til maskina som skal overvakast.)

iptraf

iptraf overvaker IP-trafikken. Verktøyet har fleire modusar og kan gi nyttig informasjon ved feilsøking.

sudo apt install iptraf

sudo iptraf-ng

For å komme ut av programmet trykker du på Esc-tasten og vel "Exit" i hovudmenyen.