Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Oppsett av strøymeserver med VirtualBox

Rettleiing

Webserver for strøymeserver

Ein server treng spesialprogramvare for å kunne fungere som strøymeserver. Ein av dei enklaste måtane er å bruke ein modifisert Nginx-webserver på ei Linux-maskin.

For å få vidareformidla videostraumen frå avsendaren til sjåarane (eller til ein eller fleire eksterne strøymeplattformer) skal vi bruke webserveren Nginx med eit tillegg. Det lar webserveren handtere videostraumar i RTMP-format og gjere om desse til HLS, som er eit vanleg format ut mot sluttbrukarane, altså sjåarane.

Før du startar denne rettleiinga, treng du ei maskin eller ei virtuell maskin med ein oppdatert versjon av Ubuntu 20.04 (eller nyare).

Sjekk at tidssona er rett på serveren

Det er viktig at strøymeserveren har rett klokke og tidssone.

Klokka blir synkronisert mot tidsserverar (NTP) via internett og er derfor sjeldan feil. Tidssona har lettare for å bli feil. Begge delar kan sjekkast ved å bruke den følgande Linux-kommandoen:

timedatectl status

Viss tidssona er feil

For oss i Noreg skal tidssona vere sett til "Europe/Oslo". Ho kan setjast med denne kommandoen:

sudo timedatectl set-timezone Europe/Oslo

Installere programvare

1. Installasjon av avhengnader

Avhengnader er andre program og bibliotek som hovudprogrammet vårt treng for å fungere skikkeleg.

sudo apt install build-essential ffmpeg libpcre3 libpcre3-dev libssl-dev git zlib1g-dev

Stadfest installasjonen med "Y" og trykk på enter. Som du ser, har avhengnadene våre òg sine eigne avhengnader som må installerast. Dette gjer at installasjonen er på nesten ein gigabyte. Heldigvis tek installasjonen kort tid.

2. Installasjon av Nginx-webserver

sudo apt install nginx

Stadfest installasjonen med "Y" og entertast. Installasjonen vil bestå av omtrent ein gigabyte med data.

3. Installasjon av strøymetillegg

Tillegget RTMP support for Nginx (libnginx-mod-rtmp) lar webserveren handtere videostraumar.

sudo apt install libnginx-mod-rtmp

Sidan kommandoen installerer eit tillegg til eit allereie installert program, vil du ikkje bli spurd om stadfesting av installasjonen.

Test av standard nettside

Det er mange moglege feilkjelder ved oppsett av Linux-serverar. For nybyrjarar er det derfor tilrådd å gjere testar av funksjonalitet undervegs. Dette er veldig nyttig for å avdekke kvar ein eventuell feil har oppstått, og det reduserer mengda med tid som blir brukt, før feil blir oppdaga.

Skriv inn IP-adressa til serveren i nettlesaren på ei datamaskin som er tilkopla same lokale nettverk som serveren din. Viss webserveren har vorte korrekt installert og datamaskina di kan nå serveren din, burde du få opp ei standardside som liknar ho på biletet.

Når du får opp standardsida, kan du gå vidare til konfigurasjon av strøymedelen av webserveren.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2022