Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Oppsett av strøymeserver på fysisk server

Rettleiing

Lage oppstartsmedium

Når ein installerer eit operativsystem, treng ein installasjonsfilene. Viss installasjonen i tillegg skal gjerast på ei fysisk maskin, treng vi å lage eit installasjonsmedium som datamaskina kan starte opp frå. Denne rettleiinga går gjennom korleis ein kan gjere dette.

Denne rettleiinga går gjennom innkjøp av installasjonsfiler, og korleis vi bruker programvare som Rufus og Media Creation Tool for å lage USB-minnepennbaserte installasjonsmedium.

Viss du skal installere på ei fysisk maskin og har fått eit ferdiglaga installasjonsmedium (USB-minnepenn eller CD/DVD) frå læraren din, treng du ikkje lage installasjonsmediet sjølv. Då kan du hoppe over denne rettleiinga.

Viss du skal installere operativsystem på ei virtuell maskin, til dømes ved hjelp av VirtualBox eller Hyper-V, treng du berre å skaffe installasjonsfilene og laste desse direkte inn i den virtuelle maskina.

1. Skaff til vegar installasjonsfiler

Installasjonsfiler for operativsystem er enkle å finne på nett. For operativsystem som kostar pengar å bruke, er det som oftast mogleg å installere og teste operativsystemet for ein periode utan lisensnøkkel.

Det blir tilrådd å laste ned installasjonsfiler til operativsystem og anna programvare frå produsenten si eiga nettside. Trusselaktørar prøver ofte å gøyme skadevare i programvare, spesielt er dette relevant for piratkopiar av programvare. Det er derfor viktig at du stoler på kjelda du hentar programvara frå.

Installasjonsfilene kjem som oftast i form av ei ISO-fil. ISO-filer er enkeltfiler som inneheld eit bilete av ein tradisjonell CD eller DVD.

Enkelte operativsystem (spesielt Linux-distribusjonar) kjem i fleire versjonar tilpassa ulike instruksjonssett som ARM-prosessorar, x86-64, Power PC og så vidare. Ein del operativsystem kjem òg i både 32-bit og 64-bit. For dei fleste er det mogleg å bruke 64-bit-operativsystem, og då bør dette gjerast. Av desse årsakene er det viktig å sjekke at installasjonsfilene er riktige for den maskinvara du skal installere på.

Skaffe Windows 10 installasjonsfiler og bruke Media Creation Tool

Gjennom Microsoft sine opplæringssystem (som Azure Dev Tools for Teaching) er det mogleg å skaffe ordinære ISO-filer for mange av Microsofts operativsystem. Alternativt har Microsoft eit eige verktøy, Media Creation Tool, som er vanleg å bruke for å skaffe installasjonsfiler for Windows 10 og å lage installasjonsmedium.

Media Creation Tool er enkel å bruke, men det er nokon stader der ein kan gjere feil.

Tidleg i rettleiaren til programmet (etter at lisens er godteken) så vil det komme val om det er ønske om å oppdatere denne PC-en (som programmet køyrer på) eller "Opprett installasjonsmedium". Her er det viktig å velje "Opprett installasjonsmedium".

Val av språk kan justerast, dette bør du vurdere i samanheng med kva lisens du eventuelt har.

I neste steg av rettleiinga må du bestemme om du ønskjer at Media Creation Tool skal lage ein ferdig USB-minnepenn med installasjonsfilene til Windows 10 på. Du kan òg få ei ISO-fil som du kan bruke direkte til ei virtuell datamaskin eller som du sjølv kan leggje på ein USB-minnepenn ved hjelp av til dømes programmet Rufus.

Når du har valt, vil du bli spurd om å velje USB-minnepennen som du ønskjer å bruke (og som blir skriven over), eller plasseringa du ønskjer til ISO-fila.

Prosessen med å lage ei Windows 10 ISO-fil eller installasjonsmedium vil ofte ta tretti minutt eller meir.

2. Opprett installasjonsmedium på USB-minnepenn

Når du har installasjonsfilene (ISO-fil) klar, så er neste steg å få lagt ho riktig inn på ein USB-minnepenn.

For å gjere dette blir programmet Rufus ofte brukt. Programmet er gratis og kan hentast på nettsida til programmet Rufus.if.

Rufus er Windows-programvare. For brukarar av Mac eller Linux finst det alternativ. Søk på nettet og snakk med læraren din om anbefalt framgangsmåte.

Rufus treng løyve til å gjere forandringar på lagringseiningane, det vil derfor komme opp eit spørsmål frå operativsystemet når Rufus startar. Dette må godtakast for at programmet skal fungere.

Ved første augekast kan Rufus verke komplisert, men viss ein startar frå toppen, så er det ikkje vanskeleg å bruke i praksis. Vi fokuserer på den øvste delen av programvindauget først.

Feltet "Enhet" gir deg ei liste over tilgjengelege USB-minnepennar. Finn minnepennen du ønskjer å gjere til installasjonsmedium.

På neste linje trykkjer du på "VELG", du vil då få opp eit navigasjonsvindauge som du kan bruke for å finne ISO-fila du ønskjer å bruke.

Når ISO-fila blir lagd inn, blir ho lagd under feltet "Oppstartstype". Du vil òg sjå at fleire andre felt blir fylte med tilrådde innstillingar.

Feltet "Bildevalg" som blir vist på biletet over blir synleg viss ei nyare Windows ISO-fil blir lasta inn. Ho gjer det mogleg å velje nokon spesialversjonar av Windows.

Feltet "Partisjonskjema" blir brukt for å justere installasjonsmediet for å fungere med høvesvis BIOS (MBR)- eller UEFI (GPT)-baserte datamaskiner.

OBS:

Maskiner med UEFI vil ofte ha “legacy mode” som gjer installasjon med ein MBR konfigurert minnepenn mogleg, men OS vil ofte ikkje starte opp skikkeleg etterpå. Viss dette skjer, blir det tilrådd å lage nytt installasjonsmedium og installere operativsystem på maskina på nytt.

Feltet "Målsystem" blir sjeldan brukt og vil automatisk foreslå den mest vanlege konfigurasjonen.

Under "Vis avanserte stasjonseigenskapar" finst nokon spesialinnstillingar som er mindre vanlege. Denne kan ein dermed hoppe over.

I den nedre delen av programvindauget har vi to område. Det første, "Format-val", bestemmer korleis installasjonsmediet sitt filsystem skal setjast opp. Forslag til dette blir sett opp basert på ISO-fila og vil i dei aller fleste tilfella fungere heilt fint. "Vis avanserte formatalternativ" er berre relevant i heilt spesielle tilfelle og kan derfor hoppast over.

I nedste del av programvindauget har vi statusfelt, som viser kvar programmet er i prosessen. Nede til venstre er det knappar for informasjon og justeringar av sjølve Rufus.

Til høgre er knappen "LUKK" for å avslutte Rufus utan å lage installasjonsmedium. "START" byrjar prosessen med å lage installasjonsmediet.

Eit sprettoppvindauge vil komme fram kor du må stadfeste at du ønskjer å skrive over den valde USB-minnepennen. Når dette er akseptert, vil prosessen med å lage installasjonsmediet starte.


CC BY-SA 4.0Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2021