Statistikk og andre verktøy for strøymeserver
Under er ei rettleiing som viser korleis du kan setje opp eit enkelt statistikkverktøy for RTMP-videostraumar som kjem inn til strøymeserveren.
Statistikken viser ikkje kor mange sjåarar som er tilkopla eller informasjon om serverbelastninga.
1. Kopiere statistikkskript og endre eigarskap
I strøymetillegget til Nginx følger det med eit enkelt statistikkskript som vi kan bruke.
cd /usr/share/doc/libnginx-mod-rtmp/examples/
Sjekk innhaldet i mappa.
ls
Følg instruksjonane i den ekspanderande boksen som stemmer overeins med kva du fann i dømemappa. Fila der er anten nedpakka (.gz) eller ikkje.
2. Tilpasse Nginx-konfigurasjon
Opne Nginx-konfigurasjon i editor.
sudo nano /etc/nginx/nginx.conf
Fjern dei to nedste sløyfeparentesane "}" i nginx.conf-fila, og kopier inn konfigurasjonen nedst i dokumentet.
Trykk tastane Ctrl + X for å gå ut av editoren. Stadfest lagring av endringane.
Restart Nginx for at ny konfigurasjon skal bli teken i bruk.
sudo systemctl restart nginx
Ved feil bruker du statuskommandoen under for feilsøking.
sudo systemctl status nginx
Bruk tastane Ctrl + Z for å komme ut av statusoversikta.
3. Teste statistikk
Gå til følgande adresse i nettlesaren for å teste om statistikksida no fungerer.
http://<IP-adresse>/stat
Linux kjem med ei rekke verktøy som lar oss overvake systembruken til serveren. Desse er ofte nyttige i feilsøking eller skalering av oppsett, til dømes viss det blir mange samtidige sjåarar.
htop – ressursovervaking ram og cpu
htop gir oversikt over prosessar som serveren køyrer, og kor mykje ressursar kvar enkelt og alle saman bruker. Det er nyttig for oppsett med transkoding av video eller annan bruk som belastar prosessoren til serveren kraftig.
htop
(Crtl + Z for å gå ut av programmet)
bmon – overvake nettverksbruk
bmon er eit verktøy som lar oss overvake datatrafikken som går via nettverksskortet til serveren.
Nettverkskortet kan berre overføre ei viss mengde data i sekundet og eit vist tal på datapakkar i sekundet. Dette verktøyet lar deg få eit inntrykk av notilstanden.
Programmet er ikkje installert som standard i Ubuntu-server, men det går fort å få det på plass.
sudo apt install bmon
bmon
(Crtl + Z for å gå ut av programmet)
(Bruk piltast opp og ned for å velje kva for eit av nettverksskorta til maskina som skal overvakast.)
iptraf
iptraf overvaker IP-trafikken. Verktøyet har fleire modusar og kan gi nyttig informasjon ved feilsøking.
sudo apt install iptraf
sudo iptraf-ng
For å komme ut av programmet trykker du på Esc-tasten og vel "Exit" i hovudmenyen.