Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Klargjere maskin til å bli brukt som server

Serverprogramvare blir hovudsakleg brukt saman med profesjonelt serverutstyr, men programvara kan vanlegvis òg brukast på vanlege berbare eller stasjonære maskiner. Slik bruk er nyttig for testing og i private oppsett. Bruk av vanlege datamaskiner som serverar krev nokre tilpassingar av maskina.
Berbar datamaskin fotografert frå sida. Ein USB-minnepinne ligg ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein server?

Flere høge metalskap med perforerte dører foran og bak. I metalskapa er serverar stabla oppover. Ein mann står bøygd og koplar kablar til ein svitsj i eit av skapa. Foto

Ein server er ei datamaskin som leverer tenester til andre maskiner og/eller brukarar. Døme på dette kan vere websider frå ein webserver, nettverkslagring frå ein NAS-server, Minecraft-server, PLEX-server, osb.

Vi har eigne typar datamaskiner som er tilpassa for å fungere godt som serverar. Denne typen servermaskinvare er ofte montert i 19-tommars rackskap. Slike maskiner er heilt klart å føretrekkje viss ein server skal vere i eit aktivt driftsmiljø.

Ein server blir definert av arbeidet han gjer, han servar (betener på norsk) andre maskiner og brukarar. Dette kan gjerast mest effektivt og stabilt ved hjelp av servermaskinvare, men sjølve serverprogramvara kan ofte køyre på vanlege datamaskiner òg. Dette er uaktuelt for dei fleste bedrifter, men for opplæring og heimeoppsett er dette vanleg.

Å tilpasse datamaskiner som skal fungere som serverar

Tilpassingane under gjer ein i datamaskina sin BIOS/UEFI. Ulike leverandørar har eigne variasjonar i innhald og grafisk layout av sin BIOS/UEFI. Dette kan gjere det nødvendig å leite litt rundt i menyane sjølv, søkje på nett eller lese manualen til hovudkortet/datamaskina for å finne riktig plass for å gjere forandringar.

For å komme inn i BIOS/UEFI må ein trykkje på ein spesifikk knapp før operativsystemet byrjar å starte opp. Ofte blir F2, F10, F12 eller Delete-knappen brukt for å komme inn i BIOS/EUFI.

Aktivere virtualiseringstøtte

Intel- og AMD-prosessorar har funksjonalitet (extentions) for at virtualisering skal kunne fungere effektivt på serveren. Denne funksjonaliteten må ein skru på for at servermaskina skal kunne handtere å køyre virtuelle maskiner. Han er òg relevant for enkelte tryggingssystem.

Hos Intel blir dette kalla VT-d, medan for maskiner med AMD-prosessor blir det kalla AMD-V. Valet for å aktivere virtualiseringsstøtte finst som oftast under innstillingar til prosessor (CPU) i BIOS/UEFI.

Liste med prosessorfunksjonar der funksjonane Intel Virtualization Technology og VT-d er aktiverte. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Automatisk oppstart etter straumbrot

Det er ønskjeleg at serverar køyrer kontinuerleg, men nokre gonger kan det skje uventa hendingar som gjer at maskina mistar straum. Dette kan vere at nokon koplar frå feil utstyr eller straumbrot. I slike tilfelle er det nyttig om serveren sjølv kan starte opp når straumen returnerer. Dette er ofte ei valmoglegheit i BIOS/UEFI for stasjonære datamaskiner. Innstillinga for dette ligg ofte under avanserte innstillingar eller brikkesett-innstillingar og blir ofte kalla "restore on AC/Power Loss" eller "After Power loss".

Rekkjefølgje på oppstartseiningar

I BIOS/UEFI er det mogleg å bestemme kva lagringseining operativsystemet skal startast opp frå. Vanlegvis er dette ei prioriteringsliste (Boot Priority). Det er tilrådd å plassere harddisken som operativsystemet skal leggjast på, øvst i lista.

For å overstyre denne lista éin enkelt gong (det treng ein under installasjon av operativsystem) så finst det ein eigen oppstartsmeny (boot menu).

Ein klikkar på ein spesifikk knapp før operativsystemet startar opp for å komme inn i denne oppstartsmenyen. Ofte er dette F2, F10, F12 eller Delete-knappen.

Vanlege feil under installasjon som kan rettast i BIOS/UEFI

Under er nokre vanlege feil som hindrar installasjon av operativsystem på ei datamaskin.

USB-minnepenn eller CD/DVD kjem ikkje opp i oppstartsmeny

Oppstartsmenyen (Boot Menu) er ein enkel måte å velje kva lagringseining som skal brukast under installasjon. Nokre gonger dukkar ikkje einingar som USB-minnepennar eller CD/DVD-plater opp her. Dette kan vere fordi dei er ekskluderte frå lista i BIOS/UEFI. Under oppstartsalternativ i BIOS/UEFI vil det vere mogleg å aktivere oppstart frå einingane. Etter at forandring i BIOS/UEFI er lagra og maskina har restarta, vil det eksterne lagringsmediet vere mogleg å velje som oppstartseining.

For serverar i driftsmiljø ser det anbefalt å slå av oppstart frå eksterne lagringseiningar. I tillegg til å auke tryggleiken hindrar det at serveren ikkje startar riktig fordi det stod ein USB-minnepenn eller CD/DVD-plate i maskina (som kan skje viss serveren restarter på grunn av oppdatering eller straumbrot).

Secure Boot

Secure Boot er ein tryggingsstandard på hovudkort med UEFI. Systemet sikrar at datamaskina berre kan starte opp med verifisert programvare og drivarar. Systemet er dermed nyttig for å betre tryggleik og er noko ein bør bruke. Men nokre versjonar av Linux og eldre versjonar av Windows støttar ikkje Secure Boot. Nokre gonger hindrar Secure Boot installasjon av operativsystem fordi installasjonsmediet ikkje har riktig verifisering innebygd.

I tilfelle der du stoler på kjelda til programvara, kan du slå av Secure Boot i UEFI.

Secure Boot må berre slåast av i tilfelle der du stoler på kjelda til programvara du prøver å installere. Det er òg sterkt tilrådd å aktivere Secure Boot på nytt etter at installasjonen er gjennomført.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021