Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døme på eksamensoppgåver for elektro og datateknologi

Her finn du døme på ulike typar oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
Elektroniske krinsar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva får du ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og forsøka du har fått gitt opp.

Oppgåve 1. Enøk-tiltak

Tenk deg at du jobbar som energirådgivar. Ein familie på fire har kjøpt eit hus frå 1994. Straumrekninga er høg, og familien vil ha tips om korleis ho kan bli lågare.

Sjå Oppdrag: Foreslå enøk-tiltak for å få tips til korleis du kan gå fram ved ein slik førespurnad.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Solceller og verknadsgrad

Forsøk: Varmefaktor i ei varmepumpe

Forsøk: Galvaniske element

Forsøk: Lag ein generator

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • gjere greie for samanhengar mellom elektrisk energi og effekt og presentere nokre energieffektive løysingar i bygg

  • bruke omgrepa vekselstraumteknologi, likestraumsteknologi, energilagring og verknadsgrad for å beskrive og drøfte metodar for berekraftig energiproduksjon

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 2. Teknologi og berekraft

Du skal utforske og presentere teknologi knytt til bygg- og anleggsteknikk og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.

Aktuelle stikkord

  • Kva er teknologi? Gi døme.
  • Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
  • Kva fordelar gir denne teknologien?
  • Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
  • Kan teknologien knytast til eit eller fleire av berekraftsmåla?
  • Foreslå moglege forbetringar av teknologien.
Forsøk

Forslag til forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • gjere greie for samanhengar mellom elektrisk energi og effekt og presentere nokre energieffektive løysingar i bygg

  • bruke omgrepa vekselstraumteknologi, likestraumteknologi, energilagring og verknadsgrad for å beskrive og drøfte metodar for berekraftig industriproduksjon

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

Oppgåve 3. Helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvaner hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg eit eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Aktuelle stikkord

  • Kva blir meint med helse?
  • Kva er livsstil?
  • Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
  • Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?

  • På kva måte er det å ha god helse viktig i ditt framtidige yrke?

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 4. Mat og helse

Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).

  • Planlegg eit forsøk der du skal undersøke innhaldet av eit eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).
  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Kva blir meint med næringsstoff?
  • Vel eit eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.
  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.

  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.

  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?

  • På kva måte er godt kosthald og god helse viktig i ditt framtidige yrke?

  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 5. Presenter ei sjølvvalt problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Aktuelle stikkord

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?
Forsøk

Forslag til forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01‑04). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag