Hopp til innhald
Oppgåve

Case om sikkerheit – sentervektar

Her skal du setje deg inn i rolla som det relativt nystarta vaktselskapet Trygg&Sikker AS. Les casebeskrivinga, og gjer oppgåvene.

Oppgåvene kan utførast individuelt eller i grupper og presenterast samla for klassa.

Case

Vaktselskapet Trygg&Sikker AS er eit relativt nystarta vaktselskap. Det blei stifta i 2018 av to tidlegare vektarkollegaer, som begge har fagbrev. Dagleg leiar er Tone, som har mest erfaring som vektar. Ho driv selskapet saman med Anita, som har god kompetanse i økonomi og rekneskap, og fungerer som budsjettansvarleg.

Saman har dei handplukka og tilsett fire tidlegare vektarkollegaer. Det er viktig for integriteten til bedrifta at vektarane har fagbrev og deler verdiane deira, noko som inneber å drive berekraftig og lønsamt, utan at det går ut over sikkerheita.

Førebels har dei hatt få faste oppdrag, og dei ønskjer å gi anbod på ein langsiktig kontrakt om vektartenester på eit nytt senter litt utanfor Oslo. Senteret har ein idealistisk visjon om å drive berekraftig, og bygget har solcellepanel og grøntområde på taket. Dei ønskjer òg å gi plass til bedrifter som spesialiserer seg på gjenbruk, til dømes skomakarar, skreddarar og gjenbruksbutikkar. Under opningsveka skal dei mellom anna ha popup-butikk i samarbeid med Tise og Jenny Skavlan.

Dei ønskjer no å knyte til seg eit vaktselskap som skal ha ansvar for vakthald og dagleg drift på senteret.

Tone og Anita meiner oppdraget er perfekt for dei, og at dei kan tilby ein god pris. Dei har likevel lite erfaring med langsiktige kontraktar, og dei har framleis litt blanda roller i bedrifta. Derfor har dei behov for ei skikkeleg oversikt i form av eit organisasjonskart.

Dei bestemmer seg raskt for å prøve å få oppdraget, og blir invitert til å presentere tilbodet sitt for senterleiarane.

Oppgåve 1

  1. Lag ein SOFT-analyse som fortel kva som gjer dykk unike som vaktselskap. Kva tilleggstenester kan de tilby?
  2. Lag eit slagord og ein logo, og fortel om forretningsideen dykkar. Ver medviten på kva verkemiddel du nyttar.
  3. Rollespel: Gjennomfør ein salspitch overfor senterleiarane. Argumenter for kvifor Trygg&Sikker AS er det rette vaktselskapet for oppdraget.

Relatert innhald

Fagstoff
Tre tips til pitch

Få fram poenget, øv og ver alltid klar for ei framføring. Her har du tre tips til arbeid med pitch.

Oppgåve 2

  1. Lag eit organisasjonskart som viser roller og ansvarsområde i Trygg&Sikker AS. Presenter bedrifta.
  2. Gjennomfør ein risikoanalyse, og føreslå tiltak.
  3. Presenter risikoanalysen som er gjennomført, og kva tiltak de føreslår. Argumenter for tiltaka på ein måte som viser at dette er «lønsam sikkerheit».

Relatert innhald

Oppgåve 3

Opningskvelden er eit viktig arrangement som skal gjennomførast på ein trygg måte. Kvelden bør gi både kundar og forretningspartnarar eit positivt inntrykk.

  1. Vis korleis arrangementet kan gjennomførast slik at det blir ein minneverdig kveld i tråd med visjonane til senteret.
  2. Gjer greie for betydinga av eit godt gjennomført arrangement og for bidraget dykkar som vertskap.

Relatert innhald

Fagstoff
Slik planlegg du ein vellykka event

Det er mange ting å hugse på når ein planlegg eit arrangement. Ein av dei viktigaste tinga er å lage eit budsjett og halde seg til det.

Aktuelle kompetansemål

Forretningsdrift

  • beskrive ansvarsfordeling og kva dei ulike rollene i ei verksemd inneber, og utarbeide og presentere eit organisasjonskart
  • gjennomføre ei enkel risikovurdering og presentere tiltak som førebyggjer uønskte hendingar

Marknadsføring og innovasjon

  • utarbeide ein marknadsføringskampanje og gjere greie for val av verkemiddel
  • selje eit produkt og gjere greie for salsprosessen

Kultur og samhandling

  • planleggje og gjennomføre eit arrangement og gjere greie for betydinga av vertskapsrolla
  • gjere greie for korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
CC BY-SA 4.0Skrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020