Hopp til innhald

Fagstoff

Fagomgrep i faget forretningsdrift

Her har vi samla fagomgrep som er nytta i faget forretningsdrift.
To elevar som snakkar saman i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A

ad hoc
Det latinske omgrepet ad hoc betyr "til dette føremålet", og vi bruker det om noko vi gjer éin gong eller i eit spesielt tilfelle.
anbod
Eit anbod er eit bindande tilbod om å utføre eit arbeid eller selje ei vare eller teneste på bestemte vilkår.
AR
AR står for "augmented reality", eller "utvida verkelegheit" på norsk. AR-teknologi gjer det mogleg å vise animerte element som ein del av verkelegheita.
automatisering
Teknikk for å få system til å styre seg sjølve og fungere utan innblanding frå menneske.

B

beleggsprosent
Selde romdøgn i prosent av romkapasiteten, der romkapasitet er talet på rom gonga med talet på dagar romma er tilgjengelege for gjestar (t.d. 365).
berekraft
Handlar om korleis vi kan produsere varer og tenester utan å øydeleggje for framtidige generasjonar.
berekraftig utvikling
Ei utvikling som dekkjer dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt sine behov.
berekraftspåstand
Bruk av utsegner, opplysningar, symbol, bilete, merkeordningar eller liknande i marknadsføringa for å skape inntrykk av at eit produkt har etiske eller miljømessige eigenskapar, eller at ei verksemd tek særlege etiske eller miljømessige omsyn.
bruttoforteneste
Bruttoforteneste blir brukt i budsjett, rekneskap og rekneskapsanalyse. Det er forskjellen mellom salsinntekta utan meirverdiavgift og varekostnaden. Bruttoforteneste i prosent blir rekna i forhold til salsinntekt utan mva.
bruttonasjonalprodukt (BNP)
Verdien av alt som blir skapt/produsert i eit land. BNP omfattar verdiskapinga i all marknadsretta næringsverksemd og dessutan offentleg forvaltning, ideelle organisasjonar og produksjon for eigen bruk. BNP per innbyggjar blir ofte brukt som eit mål på velstandsnivået i eit land.
Business Model Canvas
Eit utviklingsverktøy som hjelper gründerar i prosessen frå idé til ferdig utvikla og testa forretningsmodell. Canvas gir oversikt over alle prosessar og ressursar ei bedrift må handtere for å tene pengar.
byråkrati
Nemninga byråkrati beskriv ein avgjerdsprosess der saker skal behandlast etter eit felles sett reglar. Vektlegginga av korrekt framgangsmåte kan vere tidkrevjande, og derfor blir byråkrati ofte brukt som eit nedsetjande uttrykk for tungvinn saksbehandling.
byråkratisk
Omgrepet kjem frå det franske ordet bureau, som betyr "kontor". I eit byråkratisk system er det klare ansvars- og myndigheitsforhold, og alle skal gå tenesteveg når dei har eit problem som må løysast. Det vil seie at dersom du har eit problem du ikkje finn ut av sjølv, må du vende deg til din næraste overordna. Og dersom den overordna heller ikkje har ei løysing på problemet, skal han eller ho gå til sin næraste overordna igjen.

D

dekningsbidrag
Differansen mellom salsinntekt (utan meirverdiavgift) og variable kostnader. Eit dekningsbidrag som er større enn dei faste kostnadene for bedrifta, gir eit overskot (eller ei forteneste).
detaljist
Ein butikk som sel produkt direkte til forbrukarane.
digitalisering
Overgang frå manuelle og analoge rutinar til å utnytte datateknologi for å få prosessar til å gå automatisk. Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forbetre og forenkle.

E

eksklusiv distribusjon
At berre éin eller svært få butikkar kan selje eit produkt.
empati
Evna til å forstå sinnstilstanden eller kjenslene til ein annan.

F

fadder
Ein kontaktperson på arbeidsplassen som kjenner bedrifta og arbeidsoppgåvene godt, og som kan gi god informasjon og rettleiing til ein nytilsett. Fadderen skal òg bidra til at den nytilsette blir ein del av arbeidsmiljøet og trivst på jobben.
flat struktur
Bedriftsstruktur utan mange ledd med mellomleiarar. I ein flat struktur er det kort veg frå toppen til botnen i organisasjonen, og som tilsett får du gjerne ei større kjensle av likeverd og medråderett.
forretningsmodell
Ein plan for korleis ei bedrift skal realisere forretningsideen sin.

G

grossist
Ei bedrift som kjøper varer frå produsentar og sel dei vidare til detaljistar.

H

halvoffentlege
Bedrifter som er finansierte dels av staten, dels av private aktørar.
hierarki
Ei rangordning der dei som er øvst, har meir ansvar og myndigheit enn dei lenger nede i strukturen.
Hovudavtalen
Hovudavtalen er ein avtale mellom arbeidsgivarorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar. Han inneheld generelle føresegner om forhandlings- og samarbeidsforhold. Hovudavtalen gjeld normalt for fire år om gongen.

I

indikator
Ein indikator blir brukt for å angi eller beskrive forhold som gir ein peikepinn eller viser noko. Til dømes er auka handel ein indikator på auka velstand.
inntektsstraum
Det vi tener pengar på, aktivitetar som skaper inntekter.
insentiv
Eit insentiv er noko som motiverer til handling. Det kan påverke oss til å føretrekkje eitt val framfor eit anna.
internkontrollforskrifta
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder. Forskrifta har som formål å fremje forbetringsarbeid innanfor helse, miljø og sikkerheit, førebygging av miljøforstyrringar frå produkt eller forbrukartenester og vern av det ytre miljøet mot forureining
introduksjonsplan
Ein plan som beskriv kva bedrifta må ordne før nytilsette skal byrje. Bedrifta må mellom anna sikre at nytilsette får tilgang til digitale system, og at alt utstyr er på plass. I tillegg bør ho leggje ein plan for opplæring.

J

jobbanalyse
Innleiande vurderingar i samband med rekruttering av nye medarbeidarar, som ei kartlegging av totalbehovet for ulik kompetanse i bedrifta. Analysen dannar utgangspunktet for kva stillingar som skal lysast ut, og kva som skal stå i stillingsannonsane.

K

kanalar
Dei ulike måtane vi når kundane våre på, og korleis vi distribuerer produkta våre til kundane.
kassekreditt
Ei avtalt kredittramme hos banken som angir kor mykje bedrifta kan overtrekkje driftskontoen sin med. Bedrifta betaler ei rente for det beløpet som ho til kvar tid skuldar banken.
kjerneaktivitetar
Hovudaktivitetane til ei bedrift, dei som skaper størst inntekter.
kommandolinje
Ei oversikt over korleis kommunikasjonen går i ei bedrift med omsyn til kven som bestemmer over kven.
kontrollspenn
Talet på fagområde og personar ein leiar har ansvar for.
kostnader
Forbruk av ressursar målt i pengar, til dømes utgifter periodiserte etter når dei er forbrukte.
kriterium
Kjenneteikn som kan brukast for å avgjere om eit bestemt vilkår er tilfredsstilt eller oppfylt.
kunderelasjon
Forholdet vi har til kundane våre, korleis kundane kjenner oss.
kundesegment
Inndeling av kundar i grupper ut frå kva behov kundane har.
kunstig intelligens
Datasystem som er i stand til å gjennomføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.

L

lean startup
Ein metode for å utvikle produkt som kan forkorte produktutviklingsprosessen, og for å analysere om forretningsmodellen er levedyktig.
lineær avskriving
Ved lineær avskriving avskriv bedrifta eigedelen med eit like stort beløp kvart år. For å berekne det årlege avskrivingsbeløpet tek bedrifta verdien av eigedelen og deler han på antalet år som er den antekne levetida til eigedelen.
linjeleiing
Ved linjeleiing går ordrane, eller kommandoane, ovanfrå og ned, og når ein medarbeidar har eit uløyst problem, går førespurnaden nedanfrå og opp.
linjeorganisasjon
Ein linjeorganisasjon er ein hierarkisk oppbygd organisasjon. Han kan illustrerast med ein pyramide der sjefen leier frå toppen, leiarar og mellomleiarar med ansvar for kvar sitt felt kjem i ulike lag nedover og "fotfolket" er på botnen.
lobbyverksemd
Lobbyverksemd er ein aktivitet som inneber at interesseorganisasjonar, bedrifter, pressgrupper og enkeltpersonar prøver å påverke folkevalde politikarar og andre avgjerdstakarar.
losjiinntekter
Inntekter frå sal av rom.

M

marknadsmekanismar
Forhold som har innverknad på kjøp og sal av varer og tenester i ein fri marknad.
maskinlæring
Det at datamaskinar bruker statistiske metodar for å finne mønster i store datamengder. Vi seier at maskinane "lærer" i staden for å bli programmerte.
megatrend
Leiande utviklingsretning, særleg internasjonal, verdsomspennande.
meirverdiavgift
Meirverdiavgift er ei generell forbruksavgift som blir lagd til varer og tenester i kvart produksjons- og handelsledd.
MICE
Står for Meetings, Incentives, Conferencing og Exhibitons. På norsk har MICE-marknaden blitt kalla for kurs- og konferansemarknaden.

N

norm
Ei norm er ein regel eller eit prinsipp som forbyr eller tillèt ei handling eller ein handlemåte. Det er ei felles oppfatning av kva som er godteke eller ikkje i eit samfunn. Vi kan seie at ei norm er ei rettesnor for korleis vi skal oppføre oss. Normer kan anten vere formelle, nedskrivne lover og reglar eller uformelle og uskrivne reglar. Til dømes har vi normer for bordskikk som ikkje er skrivne ned.

O

opphavsrett
Opphavsrett er den retten forfattarar, komponistar, fotografar og andre opphavarar har til verka sine. Opphavsretten gir den som har laga åndsverket, einerett til å bestemme over produktet sitt. I dei fleste tilfella sluttar opphavsretten å gjelde sytti år etter at opphavaren er død.
opphavsrettsmerking
Opphavsrettsmerking med © viser kven som har opphavsrett til ein tekst eller eit bilete. I Noreg er det ikkje nødvendig med eit slikt merke. Vi har – saman med dei fleste andre land i verda – slutta oss til Bernkonvensjonen (1886). Den seier at opphavsretten gjeld anten han er presisert eller ikkje.
oppskalere
Å oppskalere vil seie å auke produksjonen.
organisasjonskart
Ved hjelp av eit organisasjonskart kan du få oversikt over strukturen og dermed fordelinga av ansvar og myndigheit i ei bedrift.
organisasjonsstruktur
Alle bedrifter treng ei leiing og ei ansvarsfordeling, og måten dette er organisert på, kallar vi organisasjonsstrukturen.

P

pantelån
Eit langsiktig lån som blir ytt mot sikkerheit i fast eigedom, transportmiddel, varelager, verdipapir eller andre verdigjenstandar.
paraplyorganisasjon
Ein paraplyorganisasjon er ein fellesorganisasjon for fleire mindre, sjølvstendige organisasjonar.
partnarar
Leverandørar og andre vi samarbeider med for å kunne utføre kjerneverksemda vår.
periodisering
Periodisering er eit uttrykk som blir brukt innanfor rekneskapsføring. Å periodisere vil seie å tidsavgrense. Inntekter skal rekneskapsførast i den perioden varer er selde eller tenester er utførte i, mens kostnader skal rekneskapsførast i den perioden dei har oppstått i. På kostnadssida bruker ein ofte periodisering for å skilje mellom utgift og kostnad. Ein kostnad er ei periodisert utgift. La oss seie at ein har kjøpt eit vareparti i ein viss periode, noko som gav ei viss utgift. Det er berre kostnaden for det ein faktisk har forbrukt i perioden, som skal rekneskapsførast i denne perioden.

R

reisegaranti
Med reisegaranti meiner vi ei erklæring frå ein bank eller eit forsikringsselskap stilt overfor Reisegarantifondet. Garantistane forpliktar seg til å utbetale eit beløp til fondet etter påkrav. Dei skal òg betale inn eit årsgebyr.
rekrutteringsprosessen
Når vi skal tilsetje nye medarbeidarar, er det nyttig å ha ein plan for prosessen. Prosessen består av jobbanalyse, utlysing, utveljing, tilsetjing og introduksjon.
reskontro
Samling av kontoar der vi fører spesifisert rekneskap med kvart enkelt forretningssamband, til dømes kundereskontro.
ressursar
Med ressursar meiner vi her økonomiske, teknologiske og menneskelege innsatsfaktorar i produksjon av varer og tenester.
risiko
Konsekvensen av ei uønskt hending gonga med sannsynet for at akkurat denne uønskte hendinga skal skje.
romfaktor
Kor mange gjestar som i snitt bur på kvart hotellrom.

S

saldoavskriving
Ved saldoavskrivingar blir eigedelen avskriven prosentvis likt kvart år. Kronebeløpet som eigedelen blir avskriven med, blir då høgast det første året og lågare for kvart år som går.
samfunnsansvar
Bedrifter som frivillig tek sosiale og miljømessige omsyn i den daglege drifta si, tek samfunnsansvar.
sensorar
Ein sensor registrerer ting som skjer i omgivnadene, og kan gi frå seg data, eller informasjon på internett.
skal- og bør-krav
I samband med rekruttering deler vi ofte inn i skal- og bør-krav. Set du noko som eit skal-krav, vil ikkje personar som manglar desse kvalifikasjonane, vere kvalifiserte til stillinga.
stab
Orda stab har militær bakgrunn og var opphavleg ei nemning på støtteapparatet rundt dei militære leiarane. Døme på stabar i dag er personalavdelinger, IT-avdelingar og marknads- og økonomiavdelingar, som blir lagde i tilknyting til leiinga, utanom linja.
stordriftsfordel
Stordriftsfordel (skalafordel) er nemninga på eit stadium i produksjonen av ei vare eller teneste der produksjonskostnadene blir mindre per eining når mengda aukar.

T

tenesteveg
Tenestevegen viser kven du skal vende deg til ved formelle spørsmål. På eit organisasjonskart kjem tenestevegen til syne ved linjene, som blir kalla kommandolinjer. Næraste leieren blir derfor ofte kalla linjeleiar.
tilsynsstyresmakt
Ei tilsynsstyresmakt etter helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga fører tilsyn med gjennomføringa og etterlevinga av ei forskrift og gir rettleiing om korleis forskrifta skal gjennomførast og etterlevast.
tingnettet
Eit nettverk av ulike tekniske apparat som kan kommunisere med kvarandre via internett.
tommelfingerregel
Ein omtrentleg regel som er enkel å bruke og gjerne er erfaringsbasert.
trainee
Ein trainee er ein fagutdanna person som blir teken inn i ei bedrift som aspirant for vidare spesialopplæring.

U

utbetaling
Når du utfører sjølve betalinga for eit produkt du har kjøpt.
utgift
Ei betalingsforplikting du pådreg deg når du kjøper eit produkt.

V

verdiløfte
Eit løfte om kva problem vi skal løyse for kundane, kva behov vi skal tilfredsstille i marknaden, og kva verdi vi skal tilføre kundane.
verneombod
Eit verneombod er ein arbeidstakar som er vald av kollegaene sine for å vareta interessene til arbeidstakarane i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Verneombodet trer inn i ei sak dersom ikkje arbeidstakaren sjølv får til ei løysing. Verneombodet skal òg melde frå om utilfredsstillande forhold på arbeidsplassen.
VR
VR står for "virtual reality", eller "virtuell verkelegheit" på norsk. Virtuell verkelegheit er ein illusjon, vanlegvis generert ved hjelp av informasjonsteknologi, som gir brukaren ei oppleving av å vere på ein annan stad. Det kan vere ein oppdikta eller ein verkeleg stad.

Å

åndsverk
Eit åndsverk er resultatet av ei skapande verksemd. Eit åndsverk kan til dømes vere ein film, ein roman eller eit fotografi.
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2021

Læringsressursar

Om faget forretningsdrift – for læraren