Hopp til innhald

Fagstoff

Pandemi

Vi kjenner alle til koronapandemien. Men kva er eigentleg ein pandemi, og kvifor er det viktig å ha beredskapsplanar for pandemiar?
Ei kvinne med munnbind bruker telefonen. I bakgrunnen ser vi bytrafikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smittevernlova og helseberedskapslova har som føremål å verne om liv og helse i befolkninga. Helseberedskapslova regulerer krav til beredskapsførebuingar og gjennomføring av beredskapsarbeid i kriser.

Kva er eigentleg forskjellen på ein epidemi og ein pandemi?

Utbrot av virussjukdommar blir kalla epidemiar eller pandemiar. Enkelt forklart er ein epidemi eit utbrot av ein sjukdom som spreier seg raskt i ei befolkning. Vi snakkar om ein pandemi når utbrotet ikkje lenger er avgrensa til enkelte befolkningsgrupper eller geografiske område. Då spreier sjukdommen seg og smittar mange menneske over store delar av verda. Utbrotet av svineinfluensa i 2009 og covid-19 i 2019 er døme på pandemiar.

Pandemiberedskap

Ved ein pandemi er det viktig å gjere det vanskeleg for viruset å spreie seg. Nokre av verkemidla vi alle kan bruke, er å halde avstand til andre og ha god hygiene. God hygiene i smittevernsamanheng er spesielt hyppig og grundig handvask og vask av flater og kontaktpunkt. Det kan òg vere aktuelt med karantene for folk som kan vere smitta, og isolering av personar som er stadfesta smitta. Slik kan vi beskytte kvarandre og hindre viruset i å spreie seg.

På nasjonalt nivå kan verkemiddel i beredskapsarbeidet vere

  • testing og smittesporing
  • tilgang på smittevernutstyr
  • tilgang på medisinar
  • tilstrekkeleg kapasitet i helsevesenet
  • vaksinasjon av befolkninga

Omfattande testing og vaksinasjon er viktige tiltak for å hindre smittespreiing. Men kva når testkapasiteten er uviss eller ein vaksine ikkje finst?

Under svineinfluensapandemien blei ein vaksine klar hausten 2009, og nesten halvparten av den norske befolkninga blei vaksinert. Året etter kunne Verdshelseorganisasjonen (WHO) erklære pandemien for over. Erfaringane frå denne pandemien har i ettertid blitt brukte som grunnlag for beredskapsplanlegging.

Konsekvensar for samfunnet

I mars 2020 erklærte WHO utbrotet av covid-19 for ein pandemi. For å forhindre spreiing valde den norske regjeringa ein strategi som gjekk ut på å slå ned viruset («slå ned»-strategien). Det gjorde dei fordi det ikkje fanst nokon vaksine eller effektive medisinar. Eit av dei mest inngripande tiltaka i strategien var å stengje barnehagar og skular.

Eit anna tiltak regjeringa sette inn for å forhindre spreiing, var å stengje frisørsalongar og treningssenter. I tillegg blei mange oppmoda om å bruke heimekontor og unngå kollektivtransport. Sjukehusa utsette ikkje-akutte operasjonar/behandlingar for å auke beredskapen.

Regjeringa la òg føringar på privatlivet til folk. Vi blei bedne om å berre omgåast personar i same husstand.

Alle dei inngripande tiltaka fekk store økonomiske konsekvensar for næringslivet og kulturlivet.

Tenk over:

Eit engelsk uttrykk som er mykje brukt i samband med beredskapsplanlegging, er prevention is better than cure. Kva trur du er meint med det?

Les meir – aktuelle lenkjer

Helseberedskapslova, Lovdata

Smittevernlova, Lovdata


CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Beredskapsplanar