Beredskapsøvingar
Dersom ei uønskt hending inneber ein så stor risiko at ein må utarbeide beredskapsplanar for henne, bør ein også øve på scenario. Vi må prøve ut planane på ein mest mogleg realistisk måte.
Erfarne tryggleiksleiarar hevdar at ein alltid kan bli betre på tryggleik. Øvingar avdekkjer garantert punkt vi kan bli betre på. Mange planar har sett fine ut på papiret, men ikkje fungert under utprøving. Du blir ikkje verdsmeister i langrenn ved å sjå Marit Bjørgen gå på ski på tv! Du må faktisk trene også.
Brann er ei uønskt hending som kan få så alvorlege konsekvensar at det er lovpålagt for verksemder å lære opp dei tilsette i branninstruksar. Det gjeld både førebyggjande arbeid og beredskapsplanar. Hotell er registrerte som § 13-bygg, særskilt brannobjekt, og då er det spesifikke krav til opplæring og øvingar:
Veiledning til forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
§ 3 - 3 Opplæring og brannøvelser
I ethvert særskilt brannobjekt skal alle ansatte og ledere ha brannvernopplæring og gjennomføre regelmessige brannøvelser som står i forhold til risikoen i objektet. Nyansatte og vikarer skal ha tilstrekkelig informasjon om opptreden i en brannsituasjon før de settes i arbeid.
Brannøvelser
Brannøvelser kan ha forskjellig innhold når det gjelder teori og praksis, men øvelsesplanlegging og gjennomføring må alltid ha langsiktige mål og bygge videre på den grunnleggende brannvernopplæringen som er gitt. Den enkelte øvelse bør også ha et mål, være tilpasset risikoen i objektet og evalueres i ettertid.
OPPGÅVE
Du har sikkert opplevd evakuering på skolen eller kjøpesenteret fordi nokon har utløyst brannalarmen ved eit uhell. Kan ei slik evakuering registrerast som brann- og evakueringsøving?
Kva seier loven?
Når vi skal planleggje ei beredskapsøving, må vi bruke god tid og finne eit realistisk scenario for øvinga. Det er avgjerande for at utbytet av øvinga skal bli slik vi ønskjer.
Å utløyse ein brannalarm og sjå kor fort dei tilsette klarer å gå ut, har lite med øving å gjere. Kva når nokon arrangerer ei ransøving og prøver å skremme dei tilsette mest mogleg under øvinga? Lærer dei tilsette noko av det, eller er det heller kurs i å bli skremd?
Bak gode beredskapsøvingar ligg det systematisk planlegging. Vi må bli einige om kva scenario vi skal trene på, basert på risiko og erfaringar. Så kan vi sjå korleis vi kan øve på best mogleg måte.
Under ei ransøving er det meir formålstenleg å la dei tilsette få trene på beredskapsplanane enn å prøve å skremme dei mest mogleg.
Ved ei evakueringsøving kan vi til dømes leggje inn scenario som at nokon dett under evakueringa, eller at hovudtrappa er sperra på grunn av røykutvikling. OBS! Under øvingar bruker vi teaterrøyk!
Somme er redde for å mislykkast under øvingar. Derfor er det viktig å peike på at det er under øvingar vi har høve til å prøve og feile. Då kan vi ha gjennomarbeidde planar og god kompetanse i å takle uønskte hendingar dersom dei skulle oppstå.
Alle beredskapsøvingar skal dokumenterast grundig. Ha med punkt som
- dato, klokkeslett og stad
- kven som er ansvarleg for øvinga
- formålet med øvinga
- øvingspunkt (erfaringar fra førre øving og nye punkt)
- scenario
- observasjonar
- avvik
- forslag til forbetringar og kontrollpunkt ved neste øving
- kven som er ansvarleg for å gjennomføre eventuelle utbetringar, og tidsfristar for gjennomføringar
Vi gjer også ei risikovurdering av sjølve øvingane. Det gjer vi for å unngå skadar under øvinga. I denne samanhengen er det viktig å sørgje for vitne til øvinga!
OPPGÅVER
Eksempel:
Leiaren i eit vaktselskap fortel at det var takk vere mange «kjedelege» beredskapsøvingar han visste nøyaktig kva han skulle gjere då det begynte å brenne i ei stor bedrift på Austlandet. Fordi dei følgde beredskapsplanane, blei det ingen personskadar og berre små materielle skadar. Selskapet fekk positiv omtale i media på grunn av den gode handteringa av hendinga, og det blei minimale skadar på miljøet.
Eksempel:
Full beredskap i Oslo sentrum: Den amerikanske ambassaden og området rundt blei evakuert. Ambassaden hadde gløymt å fjerne ei øvingsbombe frå ein bil etter ei øving! Grundig dokumentasjon er viktig for å unngå slike hendingar.