Hopp til innhald
Fagartikkel

Å utarbeide beredskapsplanar

Ein beredskapsorganisasjon treng ein felles plan for beredskapsarbeidet og delplanar for dei enkelte teama. Alle i verksemda skal delta aktivt i tryggleiksarbeidet.

Felles plan og delplanar

Ei risikovurdering av ei uønskt hending legg grunnlaget for ein beredskapsplan med delplanar. I ein beredskapsorganisasjon er det ulike team som skal i arbeid ved ulike hendingar. Dei treng ein felles plan og delplanar som er øyremerkte deira spesifikke oppgåver.

Beredskapsorganisasjonen og beredskapsplanane vil vere styrande for kvarandre.

Rammer for beredskapsplanar

Her er nokre rammer som legg føringar for innhaldet i beredskapsplanane:

  • talet på tilsette
  • når på døgnet
  • type aktivitetar på eigedommen
  • bygningsmassen
  • naboverksemder
  • typar uønskte hendingar
  • utrykkingstid for nødetatane
  • dei tilsette sine føresetnader for å løyse oppgåvene
  • HMT for tilsette
  • lovkrav, forsikringskrav, kundekrav, eigne krav, leverandørkrav
  • eksisterande tryggingstiltak

Rolla til dei tilsette

Tilsette i verksemda pliktar å delta aktivt i det tryggleiksfremmande arbeidet. Då må dei også bli lytta til. Tilsette kjenner ofte verksemda svært godt og har inngåande kunnskap om tryggleiksutfordringar. Denne kunnskapen er svært verdifull i tryggleiksarbeidet.

Tenk over

Beredskapsplanar må vere enkle å lese og forstå. I ein stressa situasjon er det mange som sluttar å tenkje rasjonelt. Beskjedar må derfor vere kortfatta og lette å forstå. Bruk punkt og stikkord, gjerne saman med bilete, teikningar eller illustrasjonar. Eitt bilete kan seie meir enn tusen ord!

Tenk over

Kva styrer beredskapsplanane? Kor mange tilsette og besøkjande? Kva type lokale? Kva tid på døgnet? Kva slags uønskte hendingar kan oppstå? Kva lover og krav gjeld?

OPPGÅVER

1. Kva for personar bør involverast i utarbeidinga av beredskapsplanane? Sjå svar

Tilsette.

2. Kvifor er det tilrådd å bruke illustrasjonar og bilete i beredskapsplanar? Sjå svar

Når menneske blir stressa, er det viktig at det er enkelt for dei å forstå instruksen eller planen.