Hopp til innhald

Fagstoff

Rentabilitet

Ei noko meir avansert form for berekning av lønnsemda kallar vi rentabilitet. Rentabilitet har å gjere med kor lønnsam drifta har vore – altså i kor stor grad kapitalen som er sett inn i bedrifta, har forrenta seg eller gitt avkastning. Dette er ofte den viktigaste delen av rekneskapsanalysen.
Planter som veks oppå gullpengar.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigarane vil vere spesielt interesserte i resultatet av denne analysen. Dei vil gjerne samanlikne resultatet med kva dei kunne oppnådd ved ei alternativ investering, til dømes ved å setje pengane i banken, i verdipapir eller investere i ei anna bedrift.

Rentabilitet

Nøkkelen til desse rentabilitet-analysane kan ein uttrykkje slik:

ResultatInvestert kapital

Den investerte kapitalen kan vere eigenkapitalen eller heile balansesummen (totalkapitalen). Resultatet kan vere resultat før eller etter skatt.

Eigenkapitalrentabilitet (EKR)

Vi kan velje ein av to variantar – EKR før eller etter skatt. Vi tek føre oss den siste.

Årsresultat × 100Gjennomsnittleg eigenkapital (EK)

Med gjennomsnittleg eigenkapital meiner vi at vi tek eigenkapitalen ved byrjinga av perioden (IB), plusser på eigenkapitalen ved slutten av perioden (UB) og deler på to.

Grunnen til at vi bruker gjennomsnittleg eigenkapital er at UB på mange måtar kan vere misvisande. Det kan til dømes ha blitt investert ny eigenkapital på slutten av året som ikkje har «jobba» heile året (det vil seie ikkje hatt innverknad på heile årsresultatet).


I vårt tilfelle får vi:

35 064 × 100(80 364 + 45 300) ÷2= 55,8%

I fjor var dette nøkkeltalet - 5,5% på grunn av underskot.

Vi skal alltid vere litt forsiktige med å seie om noko er bra eller dårleg med omsyn til nøkkeltal. Vi kjenner kanskje ikkje bransjen, bedrifta og dei målsetjingane ho har. Vi veit kanskje heller ikkje korleis konjunkturane har vore, eller om bedrifta er inne i ein omstillingsprosess.

Men det å samanlikne med i fjor gir normalt meining. I kva retning har bedrifta gått? I vår bedrift har vi opplevd ei stor forbetring. Og ei avkastning på over 55 % vil nok for dei aller fleste bli sett på som eineståande.

Totalkapitalrentabilitet (TKR)

Her finst berre éin variant, og du vil sjå ein del likskapstrekk frå førre analyse. Formelen er:

(Driftsresultat + finansinntekter) × 100Gjennomsnittleg totalkapital

(51 000 + 1 600) × 100(212 400 + 198 100) ÷ 2= 25,6%

I fjor var dette nøkkeltalet - 1,3 % på grunn av underskot.

Vi gjer oss dei same tankane når vi vurderer TKR, som når vi vurderer EKR, ettersom vi ikkje kjenner alle faktaa.

Sum anleggsmiddel19500Sum eigenkapital80364Sum omløpsmiddel192900Sum langsiktig gjeld3636Sum kortsiktig gjeld128400Sum eigedeler212400Sum eigenkapital/gjeld212400


Resultatrekneskap

Salsinntekter

1 301 000

Varekostnader

785 000

Dekningsbidrag

516 000

Andre driftskostnader

465 000

Driftsresultat

51 000

Renteinntekter

1 600

Rentekostnader

3 900

Ordinært resultat før skattekostnad

48 700

Skattekostnad

13 636

Årsresultat

35 064

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.05.2018

Læringsressursar

Lønsemd