Arbeidsoppdrag
Økonomi i praksisbedrifta
Når du driv ei bedrift, er det viktig å ha økonomien under kontroll. I denne oppgåva skal du sjå nærare på økonomien og dei økonomiske systema som blir brukte i praksisbedrifta di.
Om du ikkje får tilgang til opplysningane om økonomien i praksisbedrifta, kan du sjå kva du finn i offentlege register, til dømes på proff.no.
Oppgåve 1
- Kva for ulike typar budsjett blir brukte i bedrifter?
- Kva er føremålet med eit budsjett?
- Har praksisbedrifta di eit budsjett å halde seg til?
Oppgåve 2
- Kva meiner vi med lønsemda til ei bedrift?
- Korleis kan vi berekne lønsemda til ei bedrift?
- Korleis er lønsemda i praksisbedrifta di?
Oppgåve 3
- Kva for ulike kalkulasjonsmetodar har vi for å fastsetje pris?
- Kva kalkulasjonsmetode bruker praksisbedrifta di?
Oppgåve 4
- Fører praksisbedrifta di rekneskap sjølv, eller leiger bedrifta denne tenesta?
- Har du tankar om korleis praksisbedrifta di kunne spart pengar og forbetra resultatet?