Hopp til innhald

Fagstoff

Å søkje på nettet

Når du skal søkje på internett etter fagstoff, er det viktig å vere medviten på kva kjelder du nyttar, og å sjekke når nettsida eller artikkelen sist vart oppdatert. Korleis kan du sikre at informasjonen du finn, er riktig?
Opne bilete i eit nytt vindauge

For oss som jobbar med fag er det viktigaste å finne det rette – og kanskje også det nyaste og mest oppdaterte på området. Ikkje det nyaste for ein kvar pris, for då kan det hende at vi sit att med noko som ikkje er grundig nok sjekka og kontrollert, eller som rett og slett er uferdig.

Dette seier ein tidlegare elev om å bruke nettet i skulearbeidet:

Frustrert student ved datamaskinen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter at eg var blitt lurt nokre gonger på nettet, vart eg meir forsiktig med kva eg stolte på og kopierte. Eg nytta stoff eg fann i oppgåver, og ein gong var det berre noko tull eg hadde kopiert. Eg hadde teke det første og beste frå ein nettstad nokre andre hadde funne og sendt meg.

Eg har òg nytta Wikipedia mykje, men det blir lett veldig masse unødvendig informasjon og fakta. Når eg skal ha noko som har med faget å gjere, har jeg begynt å nytte ein del nettstader som eg har fått på skulen.

Dei fleste av oss kan søkje på nettet. I alle fall gjer vi det, vi kastar oss over ein søkjemotor med det eine ordet vi kjem på. Rett på Google? Ja vel, men det finst andre moglegheiter, og før du tek til med søkjet, tenk over kva du eigenleg treng. Internett og datamaskiner gjer berre det du ber dei om, og ein liten skrivefeil kan gjere heile søkjet ubrukande.

Du må tenkje over kva for ulike stikkord du må og kan søkje på. Til det treng du i første omgang ikkje tastatur og PC i det heile teke, men eit klart hovud. Det er her du eigenleg avgjer kor godt resultatet av søkjet ditt skal bli.

Tips

Før du søkjer, bør du kanskje stille deg sjølv nokre enkle spørsmål:

  • Korleis får eg tak i rett og nok informasjon?
  • Korleis unngår eg å få for mykje informasjon?
  • Korleis unngår eg å bli lurt av dårleg informasjon?
  • Kva er eigenleg "god" og "dårleg" informasjon på nett?
CC BY-NC-SASkrive av Karl Klaussen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2020

Læringsressursar

Helseinformasjon frå ulike kjelder