Hopp til innhald

Fagstoff

Nettbruk og kjeldekritikk

Det er viktig å kunne stole på kjeldene du bruker. Når du skal rettleie brukarar om helse om livsstil, må du vite at det du seier, er riktig og i tråd med nasjonale tilrådingar.
Mannleg student framfor PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å finne det ein treng

Vi må også lite på hjelpemidla vi nyttar – medisinar, utstyr og andre ressursar. Vi kan skade andre menneske eller oss sjølve med feil bruk. Vi må kunne lite på bruksrettleiingar og andre kjelder, både som elevar og i yrka vi vel.

Mykje av informasjonen vi treng, er etter kvart lagt ut på internett, og det kan vere ei god kjelde til informasjon og fakta, både til skulebruk og seinare i jobb.

Men kan vi lite på alt vi finn på internett?

Desverre kan vi ikkje det. Vi høyrer og les om at barn og unge får problem når dei gir frå seg personlege opplysningar eller legg ut bilde av seg sjølve. Vi kan heller ikkje lite på at alt som er lagt ut på nettet, og som ser ekte og rett ut, verkeleg er det. Mykje av det som blir presentert som fakta, er eigentleg reklame.

Det som ser ut som fakta, kan også vere "fleip" – eller kanskje berre tidtrøyte eller tull. Som nettbrukar vil du helst raskt ha den rette informasjonen du kan ha tiltru til, og du vil ikkje bli lurt eller ta feil. Derfor treng du kunnskap om nettbruk og kjeldekritikk.

Oppgåve

  1. Kor kan du finne truverdig informasjon om nasjonale tilrådingar om aktivitet?
  2. Kva for kjelder ville du nytta i ei oppgåve om ungdom og bruk av rusmiddel?
  3. Du skal lage ein informasjonsbrosjyre om barn og allergiar for barnehagen der du har praksis. Kva for kjelder kan du nytte?
  4. Sjå filmen under og reflekter over bruk av andre sine verk. Kva har du lov til og ikkje lov til når du skal låne ting andre har skrive?
CC BY-SASkrive av Karl Klaussen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2020

Læringsressursar

Helseinformasjon frå ulike kjelder