Helse-, livsstils- og kosthaldsinformasjon
Når du jobbar i yrke innanfor helse- og sosialsektoren, vil du informere om helse, livsstil og kost til kundar og brukarar. For å kunne gjere det må du halde deg fagleg oppdatert, og du må kunne vurdere informasjonen som du sjølv, brukarar og kundar kjem over i media.
Du må kunne skilje den seriøse informasjonen frå den mindre seriøse. Eit hjelpemiddel for å få til det er å halde deg oppdatert om dei offentlege tilrådingane. Under finn du nokre råd som kan hjelpe deg når du skal vurdere slik informasjon.
Alle artiklar om helse, sjukdom og medisin som ligg på Wikipedia, er merkt med denne informasjonen.
Viktig notis om helserelatert informasjon på Wikipedia
Du bør aldri bruke informasjon fra Internett, inkludert Wikipedia, som eneste kilde til avgjørelser eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du rådspørre apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresykdom bør du rådspørre veterinær.
Artikler på Wikipedia blir redigert hyppig og uten redaksjonell veiledning eller kontroll. Selv om alle bidragsytere gjør sitt beste, kan det forekomme gale opplysninger og i verste fall helsefarlige anbefalinger.
Bruk aldri reseptbelagte legemidler uten råd fra lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemidler og naturmidler, spesielt om du også bruker reseptbelagte midler. Bruk av flere legemidler samtidig kan ha utilsiktet effekt.
Kjelde:
Wikipedia. 2017. Helsemessige forbehold. Henta frå http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Helsemessige_forbehold.
Ved hjelp av forsking ser vi at opplysing verkar. Store grupper endrar åtferd slik at ho vert i tråd med tilrådingane. Endringane skjer vanlegvis over lang tid. Døme på dette ser vi blant anna ved at vi:
- et meir frukt, bær og grønsaker
- drikk meir vatn og mindre brus
- røykjer mindre enn tidlegare
Det er framleis fleire store utfordringar knytt til denne typen informasjon. Det dreiar seg blant anna om:
- informasjonen når ikkje fram til alle
- noko informasjon kan opplevast som vanskeleg av enkelte grupper
- enkelte grupper bryr seg lite om den informasjonen dei får
- det er sosiale skilnader knytt til livsstil
- det kan vere lett å tru på informasjon som ikkje er sakleg
Ny forsking og ny teknologi gjer at vi får ny kunnskap om samanhengen mellom helse og livsstil. Denne kunnskapen fører til at informasjon vert endra over tid.
Det er vanleg at nokre område vert prioriterte framfor andre når det skal informerast. Informasjon kan givast til alle eller til spesielle grupper. Når informasjon vert gitt til spesielle grupper, kjem det av at desse gruppene er ekstra utsette.
Utfordringar til deg:
- Søk på nettet og sjå om du kan finne kosthaldsinformasjon om frukt og grønsaker.
- Ein kollega av deg har stor tru på alternativ medisin. Han ønskjer at de skal gi bebuarane på sjukeheimen tilbod om alternativ medisin. Kva meiner du om dette? Grunngi svaret ut frå profesjonalitet.
- Finn fram ulike former for helse-, livsstils- og kosthaldsinformasjon i media. Gå saman i grupper og vurder informasjonen ut frå sjekklista du finn i teksten.
- Kva er målet med å gi helseopplysing?
- Kvifor trur du at ein prioriterer informasjonsarbeidet på nokre område framfor andre?
- Kvifor er det så viktig at du kan skilje den gode informasjonen frå den dårlege?
- Kvirfor skal du vere skeptisk til informasjon som prøver å selje deg noko?
Oppsøk eit apotek og finn ut:
- gir dei helse-, livsstils- eller kosthaldsinformasjon?
- korleis gir dei informasjonen?
- Gjer deg kjend på nettstadene for helse- og kostinformasjon som du finn i lista over "relatert innhald" her på sida. Er dette god informasjon? Diskuter dette i klassen.