Hopp til innhald

Fagstoff

Propaganda i moderne krigføring

I krig kjempar partane om å definere sanninga. Å peike ut ein motstandar som «vond» gir eit moralsk overtak og gjer det lettare å mobilisere støtte i eiga befolkning og hos allierte. Å øve påverknad på haldningane til sivilbefolkninga blir i militær terminologi kalla for «psykologiske operasjonar».
To hender skriv på eit tastatur i eit bekmørkt rom. Det står høgre flammar opp av fingrane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krig i og mellom statar

Krigar kan utkjempast mellom statar, men også mellom ulike grupperingar internt i ein stat. Det siste kallar vi borgarkrig. I nokre statar herskar det ein krigsliknande tilstand mellom ulike grupper i befolkninga som står sterkt mot kvarandre.

Historisk sett er krig ein kamp mellom militære styrkar, slik vi kjenner det frå historiebøkene. Men i vår tid er stadig fleire krigshandlingar retta mot sivilbefolkninga. Terror mot sivile blir brukt til å tvinge fram politiske løysingar, slik vi mellom anna har sett i Afghanistan, Irak, Syria og Jemen.

Forsøk på å påverke haldningane til sivilbefolkninga blir i militær terminologi kalla for «psykologiske operasjonar». I mediefagleg samanheng kallar vi det eller psykologisk krigføring.

Blir den neste krigen ein cyberkrig?

Krigføring på internett blir kalla for cyberkrig. Ved hjelp av nettangrep er det til dømes mogleg å slå ut straumforsyninga og slik totalt lamme infrastrukturen i eit land. Ein fiende kan òg hacke til seg sensitiv informasjon som kan brukast til sabotasje på viktige installasjonar og institusjonar, eller til utpressing av personar i maktposisjonar.

Ifølgje det norske forsvaret er militært cyberforsvar i dag like viktig som tradisjonell forsvarsinnsats på land, på sjø og i lufta.

Desinformasjon og demonisering av fienden

Styresmakter og rivaliserande grupper bruker i dag psykologar og ekspertar på marknadsføring til å leie arbeidet med «psykologiske operasjonar». Propaganda som tillegg fienden vondskapsfulle eigenskapar og løynde motiv, er eit velkjent grep.

Det er òg vanleg i krig og konfliktar å spreie om fienden. Den teknologiske utviklinga har i dag gjort det mogleg å lage avansert desinformasjon () som det kan vere vanskeleg å avsløre.

Diskreditering av motstandarar blir òg brukt som våpen i rivalisering mellom grupper i eit samfunn, utan at det offisielt har brote ut krigshandlingar. I dag spreier høgreekstreme grupperingar konspirasjonsteoriar og falske nyheiter i stadig større omfang i eit aktivt arbeid for å svekkje tilliten borgarane har til styresmakter, redaksjonelle medium og det demokratiske systemet.

To plakatar er hengde opp på eit vindauge. Den eine åtvarar om at den ekte pandemien er pedofili, med emneknaggen save our children, og den andre viser eit bilde av ein liten gut, som plakaten hevdar blei skoten og drepen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme er QAnon-rørsla, som hevdar at den politiske eliten består av pedofile djeveldyrkarar som bortfører og misbruker små barn. Tilhengarar av slike konspirasjonar stemplar all motstand som eit forsøk på knebling og sensur.

Underhaldningsindustrien byggjer opp under propaganda

På ein teikna filmplakat står agenten James Bond i svart smoking i midten med ein pistol i den eine handa. Han er omkransa av andre personar frå filmen i ulike situasjonar: ei vakker, elegant kvinne med pistol, ein mann i russisk uniform, to agentar som slåst, ein agent som skyt frå ein båt. I bakgrunnen er det ein eksplosjon og eit sovjetisk flagg med kulehol som formar eit hjarte. Illustrasjon.

I det moderne mediesamfunnet speler underhaldningsindustrien ei viktig rolle når det gjeld å påverke haldningar og verdiar. Filmane om James Bond er gode døme på korleis fiendebilete over tid blir forma og endra i takt med politiske klimaendringar i verdspolitikken.

Slike stereotype førestillingar om at verda består av gode og vonde nasjonar, gjer det enklare for styresmaktene å mobilisere opinionen når det er nødvendig.

Media si rolle i den kalde krigen og krigane i Irak

«Den kalde krigen» er nemninga på ei rekkje konfliktar mellom supermaktene USA og Sovjet og deira allierte i tiåra etter andre verdskrigen. Aktiv bruk av propaganda var viktig for å vinne fotfeste og makt i nøytrale delar av verda. Men nærgåande TV-reportasjar frå krigen i Vietnam skulle føre til ei massiv endring i den amerikanske og europeiske opinionen, noko som igjen førte til eit folkekrav om å avslutte krigen.

Golfkrigen i 1991 viste at dei amerikanske militære leiarane hadde lært leksa frå Vietnam, og denne gongen bestemte dei at mediedekninga skulle skje på det militæres eigne premissar. Denne krigen er eit godt døme på medviten og gjennomført bruk av internasjonale nyheitsmedium til propagandaføremål.

Med den allierte invasjonen i Irak i 2003 blei uttrykket embedded journalism for alvor aktuelt. Det betyr at journalisten får fotfølgje soldatar på oppdrag. Sett på spissen kan ein seie at ein heil verdsopinion slik blei dirigert og styrt av dei militære.

The Marlboro Marine er eit døme på embedded journalism.

Propaganda i møte med kritisk journalistikk

Eit døme på korleis propaganda kan brukast i krig, er militære spionbilete som USA i 2003 presenterte for FN som «bevis» på at Irak i all løynd planla å produsere atomvåpen. Bileta legitimerte USAs og Storbritannias militære angrep på Irak i 2003.

Kritiske journalistar avslørte etter kvart at «bevisa» var fabrikkert propaganda, men då hadde både Storbritannia og fleire Nato-land, mellom anna Noreg, allereie slutta seg til krigen.

Dei britiske avisene Daily Express, Daily Mail og The Independent er lagde fram på eit bord. Alle framsideoppslaga handlar om at Tony Blair har loge om krigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein annan utfordrar til militær propaganda er varslarnettstaden WikiLeaks under leiing av Julian Assange. WikiLeaks blei lansert i 2007 og samarbeidde då med nokre av verdas leiande aviser, som Le Monde, El País, The Guardian og Der Spiegel. Målet var å avsløre og publisere informasjon som styresmaktene valde å halde hemmeleg for borgarane, og samtidig sørgje for at kjeldene blei haldne anonyme.

Propaganda i tenesta til terroren

Propaganda blir òg brukt av terrororganisasjonar som ønskjer å rekruttere medlemmer og skape splid i befolkinga. Ved hjelp av profesjonelt laga propaganda greidde Den islamske staten (IS) i 2014 å lokke ungdommar frå heile Europa til å slutte seg til «kalifatet» – eit utopisk idealsamfunn.

Sjå nyheitsinnslaget frå CBSN: Inside the ISIS propaganda machine

Sjå video på YouTube som viser klipp frå propagandafilmar laga av IS, kommenterte av representantar for Human Rights Network. Han er teksta på engelsk, men du kan velje autoomsetjing til norsk.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Kjelder og kjeldekritikk