Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konsekvensar av deepfakes

Deepfakes bruker kunstig intelligens for å manipulere og endre på video- og lydmateriale. Korleis kan dette brukast til å påverke deg og vennene dine? I denne oppgåva skal du sjå nærmare på denne teknologien.

Deepfakes bruker innovativ teknologi, som kunstig intelligens, for å manipulere og endre på video- og lydmateriale. Dette kan få konsekvensar både for deg som enkeltindivid og for demokratiet vårt. Sjå videoen frå Medietilsynet:

Diskuter desse spørsmåla:

  1. Kva konsekvensar kan deepfakes få for deg som enkeltindivid?
  2. Kva konsekvensar kan deepfakes få for demokratiet vårt?
  3. Korleis kan ein avsløre deepfakes?
  4. Korleis trur de deepfake-teknologien vil utvikle seg i framtida?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Kjelder og kjeldekritikk